søndag 12. juni 2011

Ta vare på barna

Barneombodet oppfordrar på Twitter (i følgje ein reportasje i Vårt Land) kristne til å danne front mot ein menighet som oppfordra til rising av born.

Eg håpar verkeleg denne fronten kjem, for rising av born er så ukristeleg som det går an å få det. Eg veit det var vanleg tidlegare, også blant kristne, men no er det heldigvis både forbudt ved lov og allment underkjent som oppsedingsmetode.

Barna er det beste vi har. Ofte omtalar vi dei som "framtida vår". Dei er slett ikkje framtida, dei er notida vår. Borna er ikkje uferdige og umodne menneske, som jobbar seg fram mot det store målet: å bli vaksen. Borna har eigenverdi, dei har like stor del i samfunnet vårt som vi vaksne. Ja, dei må rettleiast og lærast opp. Men det må gjerast med kjærleik.

Jesus sa: "La dei små barn komme til meg..." Han tok dei på fanget og velsigna dei. Ville Jesus nokon gong ha risa eit barn? Trur ikkje det, nei.

Barneombodet etterlyser ein front, og eg stiller meg på geledd. Ta vare på barna!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar