onsdag 29. juni 2011

Nåde

"Og vår Herres nåde har vore overstrøymande rik og gjeve meg tru og kjærleik i Kristus Jesus" (1 Tim 1, 14)


Nåde betyr "gratis", og er noko Gud deler ut til alle som ber han om det. Det er så utruleg mange bibelvers og sitat frå Bibelen, der Guds løfter om nåde og tilgjeving til angrande syndarar vert framheva! Gud er nådens Gud.

Og når Gud gir nåde, gir han den "overstrøymande". Eg ser for meg at eg rekk fram eit glas og spør om nokre dråpar vatn, og Gud fyller det fullt, ja så mykje at det renner over. Eg får ikkje berre dei dråpane eg ber om, eg får utruleg mykje meir enn eg treng (Og det kan eg love, når det gjeld nåde og tilgjeving, treng eg MYKJE)

Saman med Guds nåde, gir han også tru og kjærleik. Trua er ikkje noko vi menneske kan prestere sjølv. Det er ikkje så mange molekyl i kroppen vår som strekker seg mot Gud av eige initiativ, og hjernen vår eig verken kunnskap eller fantasi nok til å kunne tru på den levande Gud og hans enorme offer av eiga kraft. Nei, trua er noko som Gud gir, eit frø som han sår i oss når vi høyrer hans ord. Trua er ei gåve.

Og kjærleik. Det vakraste ordet av alle ord, med eit innhald som alle menneske treng. Gud er kjærleik, og kan gje oss alle av sin eigen kjærleik. Den kjærleiken som held ut alt og toler alt og aldri gøymer på noko vondt. (1 Kor 13). Ein kjærleik som kan snu det andre kinnet til sine fiendar, og aldri misunner andre. Dette kan ikkje vere menneskeleg kjærleik, den vil alltid innehalde egoisme og sjølvhevding, og uansett kor mykje ein prøver, vil ein aldri kunne klare å vise kjærleik med eit reint og heilt hjarte. Nei, dette er Guds kjærleik, som han kan gje til oss i Kristus Jesus. Han skapar noko heilt nytt i oss, gjer oss meir lik seg sjølv.

Så lenge eg lever, vil eg måtte leve med desse to naturane. Min menneskelege natur, med alle sine feil, og det nye som Gud har skapt i meg. Nåde, tru og kjærleik gitt i Kristus Jesus.

Overstrøymande, så mykje at eg ikkje kan fatte det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar