lørdag 25. juni 2011

Trugsmål mot kristendomen

Ein pitteliten, og svært enkel, analyse av opplysningar i denne artikkelen frå avisa Vårt Land. Her er det presentert ein del tal frå Lausanne-konferansen i Cape Town i oktober i fjor. Ei spørjeundersøking viser at det er fleire evangelikale leiarar som meinar sekularisering er eit trugsmål mot kristendomen, enn islam.

Dette er ikkje akkurat sjokkerande opplysningar. Islam er ein religion som skil seg klart ut frå kristendomen. Ulik etikk, ulike dogmer og svært ulik teologi. Det går altså ei svært skarp linje mellom islam og kristendom, og den linja er svært lett å sjå. Trass i at enkelte, frå tid til anna, hevdar at kristne og muslimar trur på same Gud og er to religionar som like godt kunne slått seg saman, er det vel få som har problem med å skilje. Slike "same Gud"-påstandar kjem nok frå menneske som ikkje kjenner så godt til verken kristen eller islamsk teologi.

Sekulariseringa er ein litt meir ullen "fiende". Den er ikkje så lett å sette fingeren på, og kan snike seg inn, gradvis, i kristne familiar og kyrkjelydar.

Kan ein kristen køyre ein dyr bil? Ja. Kan ein kristen sjå på tv? Ja. Kan ein kristen gå på kino, restaurant, fest? Ja. Kan ein kristen lese romanar? Ja, sjølvsagt. Kan ein kristen... ? Svaret er ja. Ein kristen kan gjere det meste. Når det gjeld verdslege gjeremål, er eg altså ganske så fri som kristen. Sjølvsagt skal eg ikkje gjere ting som strid mot Guds bod, som å stele, drepe eller drive hor. Og sjølvsagt skal eg ikkje gjere ting som fører andre vekk frå Jesus.

Og då er vi ved sakens kjerne, for er det ok at eg som kristen lever heilt lik som mine ikkje-kristne vener? Skal det ikkje vere ein forskjell? Jo, meinar eg. Ikkje fordi at det bør vere ein forskjell for forskjellen si skuld, men fordi eg som kristen er kalla til eit annleis liv.

Det er så lett å flyte med straumen. Vi i vesten lever i rike kulturar, vi kan unne oss både det eine og det andre. Det er så mykje enklare å gjere som alle dei andre. Det er så mykje lettare å berre lukke augene for dei mest utfordrande bibelorda, og leve slik eg har sjansen til å leve, som rik nordmann født i verdas rikaste land med verdas kanskje beste velferdsordningar.

Å skulle leve eit annleis og utfordrande disippelliv i Noreg er ikke lett. Det er lett å ikkje bli muslim. Konklusjon: sekularismen er ein mykje større trussel enn islam.


Trugsmål mot kristendommen (mi liste):
1) Kristne som ikkje les i Bibelen
2) Kristne som ikkje ber
3) Kristne som ikkje deltek aktivt i eigen kyrkjelyd
4) Kristne som aller helst vil leve slik som alle andre lever. Eg las for ei tid tilbake ein artikkel i ei avis eller eit blad, om ein palestinsk muslim som hadde blitt kristen. Han levde eit svært vanskeleg liv, og familien vart stadig utsett for trugsmål og hærverk, og det var vanskeleg å få jobb. Han sa noko tankevekkande, som traff meg som eit knyttneveslag: "For oss er det å bli forfulgt det normale. Viss nokon ikkje vert forfulgt, må vi stille spørsmål ved om dei verkeleg er kristne" (Fritt sitert, eg hugsar ikkje den nøyaktige ordlyden) Blir eg forfulgt? Nei. Opplever eg motgang i nærmiljøet mitt? Nei. Kanskje lever eg ikkje radikalt nok. Kanskje.

Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? (Mark 8, 36)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar