lørdag 11. august 2012

Ei bru

Det går ei bru
Frå støv til gull
Mellom meg
Og det Heilage

Det går ei bru
Ein korsveg
Smal
og tornete
Vanskeleg å trø

Det går ei bru
Ei blant mange
ofte enklare
vegar
Berre korsbrua
fører heilt over

Bilde: Steve Creitz
Dette diktet skreiv eg medan eg sat og venta på at ein bibeltime i Lyngdal bedehus skulle starte tidlegare i sommar. Roald Evensen skulle ta utgangspunkt i den andre bøna i "Fader vår": "Lat namnet Ditt helgast." Dagen før hadde han talt om vår Far i himmelen, om ein far som bryr seg om oss, og som også viser omsorg for oss "som ei mor." Ein Gud som er nær, ein Gud som veit kva vi treng endå før vi opnar munnen. "Lat namnet ditt helgast," eller: "La ditt navn holdes hellig," som det heiter på bokmål, er ei linje som dreg opp ein ny dimensjon ved Gud. Han er vår Far, men han er samtidig den Heilage. Gud er heilag, og sjølv om han er min Far, eller kanskje nettopp fordi han er min Far, skal eg halde namnet Hans heilag. Gud er ikkje kvensomhelst. Gud er så utruleg mykje større og annleis enn det eg kan fatte. Eg er støv i forhold. 

Men Gud bygde bru mellom meg og seg. Han laga ein veg, heilt inn i det høgheilage, og eg skal få gå frimodig på denne brua. Frimodig og med ærefrykt. Eg er utruleg takknemleg for Hans offer, for at han har strekt ut hendene og gitt meg sjansen til å komme til Han. Fortsatt er Han heilag, og eg er fortsatt støv. Men eg er støv med ein nådig og barmhjertig Far!

1 kommentar:

  1. Så flott dikt, så flott bilde - og så flott forklaring. Ja, vi er støv - men elsket "støv" og med en fantastisk mulighet til å gå over en bro. Nydelig :) God søndag!

    SvarSlett