fredag 1. juli 2011

Misjonsprinsipp

Det er gledeleg å lese det nye dokumentet "Christian witness in a muli-religous world", som er eit fellesprosjekt for den katolske kyrkja, kyrkjenes verdsråd og evangelikale kristne (VL, 30/6) I dette dokumentet er det blant anna rekna opp 12 prinsipp for kristen misjon, og det er ei liste som alle kristne bør lese og prøve å fylgje! (Heile dokumentet kan du lese her)

1) Handle i kjærleik
2) Følge Jesu eksempel
3) Leve etter kristne verdiar, som: integritet, naudhjelp, medkjensle og medmenneskelegheit.
4) Tene medmenneske og kjempe for rettferd.
5) Vise forstand i forvaltinga av helbredingsnådegåvene.
6) Avvise vald
7) Kjempe for religions- og trusfridom
8) Vise likeverdig respekt og solidaritet
9) Respektere alle menneske
10) Ikkje snakke falskt om andre religionar, men heller søke å lære meir om dei og respektere dei. Kritikk av andre religionar skal vere respektfull.
11) Vise god dømmekraft i møte med menneske som vil bli kristne, og gje dei rikeleg med tid til prosessen.
12) Bygge interreligiøse relasjonar

Gode retningslinjer for misjon, det her!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar