tirsdag 12. juli 2011

Mørkemann

Ein lite tiltalande tittel. I meg vekkjer den tankar om "mannen med ljåen", eller i det minste ein dyster, svartkledd og lite imøtekomande skikkelse. Mørkemann. Ein som kjem med natt, tåke og sorg. Øydelegging og forderving. Mørkemannen er mystisk, ein veit ikkje så mykje om han. Difor er han også skummel og fråstøytande. Ein du vil ha minst mogleg med å gjere. Ein du håpar held seg langt unna deg og nabolaget ditt.

Likefullt er det ein tittel som er populær å bruke blant journalistar, og den vert særleg brukt om konservative, antakeleg sidrumpa, trangsynte, sneversynte og peikefingerpeikande kristne leiarar, som vågar å tale kultureliten imot, og som truleg ynskjer det norske samfunn tilbake til middeladeren.

I førre veke møtte eg ein slik mørkemann. Ein vassekte, lys levande mørkemann. Han hadde sjølv opplevd å bli kalla dette av pressa, ja eigentleg endå meir enn mørkemann: Slik vart han introdusert i eit radioprogram han var gjest i: "De kjenner nok til at Dagfinn Høybråten vert omtala som mørkemann. No skal de få møte ein som er kolsvart!" (Har lyttarane til radioen no lagt seg opp ei meining om kva for type menneske dei skal få møte? Mon tro det)

Mørkemannen heldt bibeltime. Tema var "Eg trur på Den Heilage Ande". I løpet av ei bibeltimerekkje tok han for seg den tredje trusartikkelen, og gav ei grundig innføring i denne. Han er ein svært dyktig bibellærar og trusopplærar. Som person er han imøtekomande og smilande. Han går slett ikkje med svart hette og eit mystisk, skremmande ytre. Han brukar mykje humor. Humor er vel ikkje det fremste kjenneteiknet ved ein mørkemann?

Eg tenkte litt på denne tittelen etter at eg hadde høyrt han undervise. Så dette er altså ein mørkemann? Kvifor har han gjort seg fortent til den tittelen? No er eg nok litt for mykje på linje teologisk til å sjå det skremmande i bodskapet han kjem med. Snarare tvert om. Eg vert oppbygd og glad av det han seier. Eg kjenner meg styrka, påfyllt. Han taler klart og tydeleg, har stikkord på powerpoint i bakgrunnen. Det er enkelt å fylgje med, og eg lærer mykje, og vert utfordra som kristen.

Tittelen er nok gjeven av menneske som er framande for dei samanhengar eg vankar i. Personar som er framande for kristendommen og den forståinga av verda den representerer. Personar som er framande for den kristne bodskapen, og ikkje veit, eller forstår, kva denne bodskapen eigentleg går ut.

For kva er det den kristne bodskapen går ut på, eigentleg? Er det dom, nedtrykking og fordømming av menneske, uthenging og nedtrakking av alt positivt, ei framkalling av alt det mørke i menneska og utvisking av alt det som er naturleg og menneskeleg? Er det ikkje heilt motsatt? Jesus tilga synder, han helbreda sjukdomar, han åt saman med dei utstøytte, berørte dei som ingen andre våga å berøre, gjekk der ingen andre ynskte å gå, gav livsmot og nye krefter til dei som var utstøytte og mismodige. Han fornedra seg sjølv, gjekk frivillig i døden og opna vegen til Guds himmel. Han står med utrakte hender til heile verda, alle menneske i alle nasjonar, og innbyr til forsoning og fred med Gud. Han elskar verda, han elskar menneska, han elskar syndarar. Ingen vert vist vekk eller snudd ryggen til, han tek i mot alle som kjem.

Gud er kjærleik står det. Gud bur i lyset. Gud kan rense vekk det mørke i menneska, og setje det i fridom. Gud kan gje menneske fred!

Dette er den kristne bodskapen. Det er dette eg trur på. Ein Gud som speier lys og håp, ein Gud som elskar meg og tilgir meg når eg kjem til han. Er det mørkt? Øydelegg det livet mitt? Gir det meg eit negativt syn på verda?

Nei, eg elskar livet mitt. Eg elskar kona mi og borna mine. Eg er glad for kvar dag eg vaknar og kjenner at eg lever. Eg elskar å tenkje og fundere. Eg elskar å lese og lære meir om verda. Eg elskar jobben min. Eg prøvar å elske medmenneska mine. Eg elskar å gå i naturen, og puste inn frisk fjelluft. Eg elskar Gud, som har tilgitt meg alle feilstega mine og gitt meg fred.

Oi, der trur eg det kom. Ordet som gjer også meg til mørkemann: Feilsteg. Eg vågar å seie at eg har synda. Eg vågar å påstå at alle menneske har synda. Eg vågar å påstå at alle menneske treng Guds tilgjeving. Ja, det er nok i dette det ligg.

Eg vil nok vere ei hard nøtt å svelgje for alle som endå ikkje har sett at dei treng Guds tilgjeving og nåde.

I alle fall til dei har blitt kjent med meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar