søndag 22. april 2012

Porten inn til sauene

«Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene. Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut. Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans. Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.» Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.
   
  

Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene. Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei. Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod. (Joh 10, 1-10)

Jesus seier at det er han som er porten. Innhegninga det er snakka om i teksten, er ofte brukt som symbol på den kristne kyrkja. Det er berre éin måte å bli Guds barn på, og bli ein del av kyrkja; nemleg gjennom tru på Jesus. Difor kan Jesus kalle seg porten, i eintal.

Alle som prøver å komme seg inn på nokon annan måte enn gjennom Jesus, vert kalla tjuvar og røvarar. Når eg ser for meg dette bildet i hovudet, kjem eg til å tenkje på den gamle forteljinga om “Pilgrims vandring” (John Bunyan). Ein stad på vegen må Kristen, som hovudpersonen heiter, inn gjennom ein port, og gå på ein smal veg med høge murar på kvar side. Der på vegen vert han vitne til at to personar klatrar over muren og snik seg inn på vegen.


Dei heiter Formell og Hyklar. Dei prøver altså å bli ein del av kyrkja utan å gå gjennom Jesus. Formell ser eg for meg som ein person vi kan kalle kristen av “tradisjon”.  Han er kristen fordi det er det som passar best. Legg vekt på tradisjonar, måten kyrkja er organisert på og det å leve mest mogleg rett. Det er altså det formelle, ordninga og oppbygginga, som er viktig. Når det gjeld trua, vil ein sjå at den er overflatisk, for det er ikkje Jesus som er i sentrum.

Vi menneske er glade i tradisjonar og ordningar, men vi må passe på at vanane våre aldri kjem i vegen for Jesus. Vi må hugse på at det er Jesus som er porten inn til kyrkja, ikkje det som er slik og slik fordi det alltid har vore slik. Det er koseleg å vere på bedehuset, men det har inga meining viss ein ikkje er her for å lovsynge Jesus, lære meir om Jesus og dele erfaringar om trua og vandringa med Jesus. Det er Jesus som må vere sentrum i alt vi gjer.

Hyklar er vel endå lettare å kategorisere enn Formell. Han er like overflatisk, og seier og gjer dei rette tinga. Likevel har også han oversett dette livsviktige faktum, nemleg at det er Jesus som er hovudpersonen i livet til ein kristen. Ein kan ikkje vere ein kristen utan å gje livet sitt til Han.


Etter ei stund kjem Kristen, Hyklar og Formell til eit fjell, som i boka vert kalla “Problema sitt fjell”. Dei står der rådville ei stund, før dei til slutt vel kvar sin veg. Formell går til venstre, hyklar til høgre, men Kristen går rett fram, på den smale vegen som fører opp på fjellet. Det viser seg etter kvart at det er Kristen som har valt rett. Formell går seg vill, og Hyklar går seg ut ei myr der han snublar og fell.

Når problem og utfordringar dukkar opp i kristenlivet, vil Hyklar og Formell ikkje vite kva som er lurt å gjere. Fordi dei ikkje kom gjennom porten, kjenner dei ikkje Jesu vilje og hans stemme. Dei vil difor prøve å finne den greiaste vegen gjennom. Kristen kjenner Jesu stemme, og kjenner hans vilje. Han veit at han må gå på den smale vegen, sjølv om den slett ikkje alltid er den enklaste.

Vi har vel alle ein del av både Hyklar og Formell i oss, i alle fall har eg det. Når vi møter problem og utfordringar er det difor lurt å ta opp Bibelen og lese i den. For eksempel kan det vere lurt å lese Kolossarbrevet 2,8: Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus.

Det gjeld å ikkje la seg lure av verda. Her blir visdomslære nemnt. Alle dei kloke tankane som vi menneske har tenkt og jobba med opp gjennom tidene, har ført til at vi kjenner verda ganske bra, og vi er blitt flinke, ofte altfor flinke, til å utnytte dei ressursane vi kan finne. Det er mykje klokt å lese i bøker, og der er mykje god kunnskap ein kan tileigne seg. Eg er lærar, og har ingen motforestillingar mot det å lære meir! Ein må berre passe på at kunnskapen ikkje fører ein vill, at ein ikkje begynner å tenke feil om Gud og feil om eins plass som barn i Guds hand.

Heller ikkje skal vi la oss lure av tomt bedrag. Tradisjonar utan innhald, idear utan rot i verkelegheita eller synsing og ønskjetenking. Vi må ikkje la oss lure av alle dei andre stemmene, som seier andre ting enn det Hyrden vår seier. For å ikkje bli lurte, må vi bli kjente med stemma til Hyrden vår.

I vers 4 står det at sauene kjenner stemma til hyrden. Dei har fulgt han og høyrt på stemma hans før. Dei har kanskje erfart at hyrden er der og passar på dei, og at han leier dei til grønt gras. Dei har ikkje nokon grunn til å vere skeptiske, for alt han har gjort før har vore bra for dei. Det  er eit trygt tillitsforhold mellom sauene og hyrden. Dei stoler på han, og Hyrden veit at sauene vil fylgje etter han.

Også vi kjenner igjen stemmer som vi har høyrt ofte, og som vi kan relatere til nokon. Vi kjenner stemmene til dei næraste, til vener og folk vi omgås i dagleglivet. Men vi kjenner også stemmer til folk vi aldri har møtt, for eksempel radiovertar. Viss ein berre har høyrt dei ofte nok, så kjenner vi dei igjen.

I dag kan vi ikkje sjå Jesus med augene våre, eller høyre han med øyrene. Men vi kan likevel bli kjent med stemma hans, på den måten at vi kan bli kjent med kva han faktisk seier. Mange av orda han talte for 2000 år sidan, står nedskrivne i Bibelen, og vi kan lese den og bli kjent med Jesu vilje og Jesu ord. Jo meir vi les, og jo meir kunnskap vi får om Jesus, jo lettare kan vi avgjere om det som blir talt i Jesu namn er sannhet eller ikkje.  Alt som blir sagt frå talerstolar og preikestolar og andre plassar der Guds ord vert forkynt, må nemleg stemme overeins med det som står her.
Viss det som vert forkynt går på tvers av Guds ord, vil ein som har lest mykje og lært seg å kjenne Guds ord, ikkje kjenne igjen stemma til Hyrden. Ein vil kunne avsløre den falske stemma, orda som bryt ned i staden for å bygge opp.

Høyrer vi dei falske hyrdane, må vi rømme frå dei. Ikkje låne dei øyre. For det vi brukar tid på, vil prege oss. Viss ein tenkjer at det ikkje er så farleg, og tenkjer at ein skal klare å stå imot slik at ein ikkje vert påverka, så lurar ein seg sjølv. Over tid vil vi uansett bli prega av det vi brukar tid på. Lånar vi øyre til det som er imot Guds ord, vil vi etter kvart “blande stemmene”,  og ikkje lenger høyre Hyrden si stemme klart og tydeleg.

Det er lett å nemne dei veldig synlege tinga. Ta for eksempel dei teologane som legg lokk på dei negative konsekvensane ved synd, eller som vrir om på Guds ord og tolkar det slik at det passar inn med det vi aller mest ynskjer å høyre. Eg vil helst unngå å høyre forkynning frå liberale teologar, mest fordi det dei seier er fristande og av og til så logisk ut frå den tankegangen samfunnet vårt er bygd opp rundt. Det er fristande å seie at synd ikkje er så farleg, for det er jo så inkluderande! Det er fristande å seie at det ikkje er så farleg korleis ein lever, for så lenge ein lever i kjærlighet og ikkje hat så er alt ok. Tenk så bra alt hadde vore då! Men viss ein lånar øyre til slikt, vil ein bli forvirra, og forville seg vekk frå stemma til Hyrden. Jesus er nemleg veldig klar i sin tal om både synd og korleis ein skal leve.

Det er vanskelegare å nemne dei meir diffuse stemmene som lokkar oss vekk frå Guds stemme. Alle dei små dryppa som vi får kvar dag gjennom fjernsyn, radio, internett, alle dei personane som endrar bittelitt på det som står i Bibelen, eller sår tvil om detaljar og sannhetar i Guds ord. Og det er ikkje så lett å få taket på desse stemmene, for dei er over alt. Det er lettare å avsløre ein falsk forkynnar på talerstolen, for då er vi oppmerksomme. Det er vanskelegare å avsløre alle dei som vrir og vender og argumenterer med så tilsynelatande logiske argument, at tvilen begynner å slå rot i hjertet. 

Og så er det eit ordtak som seier “Det hjartet er fylt av, det talar munnen”. Viss vi lar visdomen i verda, som Paulus snakka om, få endre oss, vil også vi begynne å tenkje og snakke annleis. Og det er livsfarleg for oss som Guds barn. Difor er det så utruleg viktig at det er Guds ord, lest i Bibelen, som får prege oss. Vi må lytte til Hyrden, og nekte å lytte til tjuvane og røvarane!

Til slutt vil eg litt tilbake til vers 9, der Jesus seier at han er porten. Eg vil vise eit bilde, som eg syns illustrerer dette på ein veldig god måte.

Vi er syndige menneske, og er skilde frå fellesskapet med Gud. Syndefallet kløyvde på ein måte universet i to, der vi står på den eine sida, og Gud står på den andre. Det er berre ein måte å komme over denne kløfta på:


Nemleg ved å “gå over” Jesus. Han er porten inn til Himmelen for oss, og berre ved å fylgje Jesus vil vi kunne finne frelse. Berre ved å fylgje hans stemme (Bibelen) vil vi kunne finne vegen over til Gud!

(Andakt på bedehuset Betel tidlegare i dag)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar