mandag 30. april 2012

Kvifor det er heilt ok å feire påske heile året



Eg var på møte på bedehuset i helga, og det var Arnfinn Barlaup som talte. Preiketeksten søndag handla om det som skjer rett før Jesus innstiftar nattverden (Joh 13, 30-35). Judas forlet læresveinane, og går for å svike Jesus, og Jesus snakkar om dagane som skulle fylgje. Han legg særleg vekt på kjærleiken, kor viktig det er at læresveinane elskar kvarandre.

Det eg beit meg særleg merke i i andakten, var midlertid noko heilt anna. Arnfinn refererte til ei hending i det gamle testamentet, der øvstepresten Josva får møte Herren engel (Sakarja 3). Josva er øvsteprest, og skulle hatt på seg presteskrudet.  Det er nøye og detaljert skrive ned korleis øvstepresten sine klede skulle vere. Instruksjonar som går over fleire fleire kapittel i Bibelen! Likevel, Josva har ikkje på seg prestekleda då han fekk møte Gud. Han går i skitne klede, og Satan står og anklagar han.

Det første som skjer er at Herren refsar Satan. Set han på plass. Så vender han seg til dei som står rundt Josva, og ber dei om å ta av han dei skitne kleda. Så seier Herren til han: “Sjå, eg tek bort skulda di, og kler deg i festklede.” Ei herleg symbolsk handling! Gud tek bort skulda vår, våre skitne klede, og kler oss i si eiga rettferd, sin eigen nåde, si eigen tilgjeving. Når vi kjem til Gud, har vi ikkje anna enn skitne klede å komme i. Det spelar likevel inga rolle, for Herren sjølv tek dei av, og gir oss nye!

I vers 9 i Sakarja kapittel 3 seier Herren: “Eg stryk ut skulda til dette landet på ein einaste dag.” Viss eg skal våge meg på ei tolking her, ut frå det som vert sagt før og etter denne utsegna, må eg forstå det slik at dette handlar om langfredag. Dagen då hans “tenar Spire”, altså Jesus, stryk ut den skulda som kviler så tungt på oss menneske. Han nagla gjeldsbrevet til korset! Der heng det fortsatt, som eit vitnemål om at det er betalt. Og Jesus sjølv stod opp att, og fekk makt til å iføre oss alle nye klede. Det er berre å møte opp framfor Guds trone og la han ta av dine skitne klede, tildele deg si rettferd og kle deg i festklede!

Viss ikkje det er grunn til å juble og feire – heile året – så veit ikkje eg!

1 kommentar:

  1. Javisst er det grunn til å feire påske hele året rundt!! :)) Godt skrevet!!
    Også du? bare et tips - vil du endre adressen på bloggen i bloggrullen min? Hvis ikke, blir du ikke oppdatert på nye innlegg skjønner du (har fått ny blogg: hjertespor.net). Håper du henger med enda :) God 1 mai til deg og dine. :)

    SvarSlett