mandag 23. april 2012

Løgn og tjuveri

Sidan Lise er svært opphengt i historia om Sakkeus for tida, får eg så og seie dagleg ei innføring i korleis Jesus møter dei som vi reknar som heilt opplagte syndarar. Menneske som lever på kanten av lova, og menneske som vi tenkjer: Han/ho kan i alle fall ikkje vere kristen!

Jesus viser, i møte med Sakkeus, at det nettopp er desse menneska Han kom for å frelse. "For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei." (Luk 19, 10)

Så kan ein gå seg sjølv nøyare etter i sømmane, og sjå at ein på mange måtar ikkje er så mykje betre enn Sakkeus. Forholda eg lever under er ganske annleis, men kven veit kva eg hadde gjort viss eg var i Sakkeus sin stad? Han hadde jo i utgangspunktet ein veldig upopulær jobb, og vart uglesett berre ut frå kven som var arbeidsgivar. (Det slår meg at uttrykket "tollarar og syndarar", som i Bibelen blir brukt som eit omgrep som dekker menneske ein helst ikkje skulle omgå, eigentleg er ein merkeleg konstruksjon. Syndarar er vi jo alle, og det å vere tollar er då berre eit yrke!)

Under slike forhold, kva hadde han å tape på å ta litt ekstra betalt? Folk likte han ikkje uansett, så kvifor ikkje unne seg litt ekstra, så ein i alle fall kan leve det gode, men einsame, liv for seg sjølv? Møtet med Jesus snur opp ned på heile denne tankegangen. Jesus møter han som ein ven, og gir han ein ny start. Tjuven Sakkeus har fått ei ny retning i livet sitt, og sluttar å stele frå dei som passerar gjennom porten inn til Jeriko. 

Jesus elskar både tjuvar, røvarar, horer og løgnhalsar. Det er for slike han kom til jorda og døydde og stod opp att. "Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar."

Så kjære medløgnarar og medtjuvar, alle vi som har vridd på sanninga, sagt direkte usanne ting, teke ting som ikkje var våre osv: Det er håp! Jesus elskar oss!

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar