onsdag 9. mai 2012

Pila peikar mot sofaen

Akkurat no er eg sint og skuffa - kanskje aller mest skuffa. Eg sit i bilen på veg til jobb, høyrer på nyhendene og nyt at det er tørre vegar og glimt av sol rundt meg. Rett før eg parkerar bilen, kan nyhendelesaren opplyse at KrF avlyser kampen mot homofilt ekteskap, ja rett og slett hiv seg med i den same karusellen som dei fleste andre partia har sitte på i nokre år no.

Dermed står eg tilbake temmeleg partilaus. Eg har i mange år støtta opp om KrF, ganske enkelt fordi det er det partiet som er nærast mine politiske verdiar og ståstad. Dei har vore skuffande tafatte i abortspørsmålet, og slett ikkje vore den opposisjonen eg ynskte. Det som derimot har vore bra, er ein familiepolitikk der omsynet til småbarnsfamiliar og valfridom har vore framtredande.

Av den grunn har eg støtta opp om partiet, og til og med vore medlem ein periode.

I dag gir dei altså endå eit viktig etisk prinsipp på båten. No er det ingen seriøse politiske parti som står for tradisjonelle familieverdiar eller kjempar for bibelsk etikk i det norske politiske landskapet.

Det er stor fare for at eg sit i ein sofa ved neste val, og det er utruleg synd. Eg er glad i demokratiet, og meiner at det å stemme ved val er viktig, både for å halde systemet ved like, men også for å kunne delta i samfunnsdebatten.

Akkurat det trur eg at eg fortsatt kjem til å gjere, men eg nektar å stemme på vérhanar.

3 kommentarer:

  1. Dette kan faktisk kalles et fremskritt og gjennombrudd når det gjelder KrFs politikk. Statens ansvar er ikke å moralisere og hindre enkeltindividets frihet, som sosialistene så ivrig brenner for. Å hindre friheten strider mot kjernen i menneskets verdi; at Gud har skapt oss med full frihet til å selv styre våre liv og velge vår skjebne. Statlig overformynderi og reduksjon av enkeltindividets frihet er et massivt overgrep. Tygg på den.

    Forholdet til Gud, derimot, og det å ære Ham med sitt liv, skal være det enkelte menneske sitt ansvar og en samvittighetspakt med Ham. Staten skal gi den enkelte frihet til å ha - eller ikke ha - den troen man vil. Så kan det være opp til oss kristne i hverdagen å evangelisere, formane, moralisere og peke på Jesus som veien til frelse.

    SvarSlett
  2. Eg er heilt einig i at staten skal sikre trusfridom, og leggje opp til at alle kan få ha den trua dei har og leve ut denne. Når det gjeld KrF sin nye u-sving, meinar eg at det er eit stort tilbakesteg, og har ingenting med individuell fridom å gjere.

    Abortspørsmålet, som eg meiner KrF er altfor lite tydeleg på, handlar ikkje om trusfridom, men om allmenn etikk. Når er eit menneske menneske, og kva verdi set vi på menneske i samfunnet vårt. Viss det skal vere opp til kvar enkelt å definere når eit menneske har rett til å leve (som ein kan fortsetje di argumentrekke med, viss ein set den veldig på spissen), så får vi eit lovlaust samfunn. Staten MÅ difor legge ein del føringar på det etiske feltet, og dermed begrense den individuelle fridomen.

    Slik meiner eg er tilfelle med ekteskapslova også. Ekteskapet er ikkje ei privat ordning, eller ei ordning som handlar om tru. Det er ei samfunnsordning, og det å inngå ekteskap er ei offentleg handling. Difor meiner eg at staten så absolutt skal ha rett til å legge føringar for kva samfunnet skal godta som lovlege ekteskapsformer. Eg meiner her at det tradisjonelle (og bibelsk definerte) ekteskapet mellom mann og kvinne er den forma som er best for samfunnet. Det er den einaste produktive samlivsforma, og den forma som gir mest stabilitet og tryggleik for borna.

    Av den grunn er eg skuffa over at KrF ikkje lenger er ein oposisjon til hovudstraumen i norsk politikk, som har gitt oss den nydefinerte ekteskapslova. Å la det bli opp til kvar enkelt er, etter mi meining, ei ansvarsfråskriving.

    Gud skapte oss til fridom, samtidig har han gitt oss dei ti boda og lagt ned ganske mange retningslinjer for korleis Han sjølv, som Skapar, meiner vi kan ha det best med kvarandre. Kvifor skulle då ekteskapet mellom mann og kvinne vere mindre viktig enn for eksempel "Du skal ikkje lyge"?

    SvarSlett
  3. Det var då voldsomt, då! Trur det er lurt å la landsmøtet faktisk ta ei avgjerd kring dette før ein brenn alle bruer, altså. Det er snakk om eit FORSLAG.

    Greitt å ha i mente er også at iflg. mange i KrF handlar dette forslaget faktisk om å sikre trussamfunn så dei slepp å delta i noko som bryt med deira overtyding. At vaksne, myndige menneske som vil leve saman skal få lov til det, er vel sjølvsagt i eit demokrati. Og at me skal ha ordningar som let samlivet ordnast på eit tenleg vis for alle, er og har vore eit mål for alle partia i stortinget - også KrF. Så diskusjonen som står att er kva ein kan kalle ekteskap. Og det er vel framleis ein diskusjon, er det ikkje? Eg ser ikkje at den nye formuleringa foreslått av KrF er bastant der? Snarare vert det klart at trussamfunna som skal forvalte seremoniar etc. står fritt til å definere ekteskapet, men at samlivet skal kunne tryggast juridisk for alle.

    Har ikkje sjølv teke stilling til dette, men har heller ingen planar om å sprette i taket før det føreligg eit vedtak - og før eg veit kva ei evt. endring vil innebere i praksis.

    God onsdagskveld! Helsing fruen

    SvarSlett