torsdag 31. januar 2013

Om å sjå samanhengar som ikkje finst

Eg er av den type menneske som likar å studere og lære om samanhengar i verda. Det kan for eksempel vere om naturlovene, og korleis dei verkar inn på livet og samspelet i naturen. Det er også spennande å studere samfunnsmekanismar og samhandlingar oss menneske i mellom. Av den grunn er eg også glad i historie og geografi. Verda er full av så mykje spennande lærdom, og så mange finurlege samanhengar! Og alt ligg der, og ventar på å bli oppdaga.
 
Den menneskelege hjernen er ganske innfløkt. Det finst nesten ingen grenser for kva vi kan lære oss, viss vi berre vil og er interesserte nok.

Ulempa er at det finst ein del avgrensingar i forhold til kunnskap, og ein del forhold vi alltid er nøydde til å ha i bakhovudet når vi lærer noko nytt. For det første er ikkje all kunnskap tilgjengeleg for oss. Vi kan for eksempel sjå deler av historia, men vi kan aldri danne oss eit heilt korrekt bilde av kva som faktisk skjedde. Det er for eksempel heilt umogleg å kartleggje alle detaljar ved det som hendte  i 2. verdskrigen, endå så mange bøker det er skrive om emnet. Grunnen til at dette er ein umogleg jobb, er ganske enkel: Det er heilt umogleg å få oversikt over alle dei kontaktar, samtalar, turar og val eitt menneske har gjort i løpet av livet sitt. Og om ein likevel ville ta seg tid til å kartleggje dette eine mennesket fullstendig, har ein likevel berre kartlagt eitt menneske. Då gjenstår endå millionar av andre… Av den grunn får vi berre oversikt over dei største hendingane, og dei viktigaste.
 
Den andre avgrensinga vi må ta omsyn til, er vår eigen bakgrunn. I alt vi tenkjer og gjer, har vi vår eiga historie som referanseramme. Mine tankar og mine minner vil alltid spele på lag med det nye eg lærer, så av den grunn vil to menneske aldri kunne sjå og vurdere verda heilt på same måten. Vi tolkar ulikt, og vi oppfattar hendingar ulikt.

Den tredje avgrensinga, som eg ynskjer å stoppe litt lenger ved, handlar om den menneskelege evna til å førestille seg ting og bygge opp konstruksjonar som måtte mangle i dei inntrykka ein får inn utanfrå. Hjernen vår er ganske enkelt skapt slik at den ynskjer å oppleve ein samanheng i verda. Krimforfattarar er ekspertar på å utnytte denne evna hos oss menneske. Dei lar det for eksempel dukke opp ein død person, og veit at vi som lesarar med det same tenkjer: Kven har drepe han? Korleis skjedde det? Kvifor skjedde det? For alt har nemleg ein grunn, i alle ting er der ein årsak-verknad-samanheng. I følgje hjernen vår. Når vi les vidare i kriminalboka, mistenkjer vi sjølvsagt personen som er unnvikande, skulande og med tvilsam fortid… Og så lar vi oss overraske, kvar gong, når vi oppdagar at det var den plettfrie, uskuldige og gråtande som likevel hadde gjort det.

På same måten er det konspirasjonsteoriar stadig har dukka opp, og stadig dukkar opp, i ulike fora. Og vi bit på, for det verkar så logisk. For eksempel myta om den beksvarte middelalderen, der folk gjekk rundt med mørke klede og sure ansikt, og vart trykt ned i søla av kyrkja og kongen, så det i løpet av fire hundre år knapt kunne høyrast ein lått eller sjåast eit smil i heile Europa… Heilt til opplysningstida og naturvitskapen kom og redda folk ut av mørket og fekk smilet tilbake til Europa. Endeleg var det meining i tilværet att!

Det var nok ikkje heilt slik, vil eg tru.

Ein annan samanheng vi menneske ofte er redde for, er samanhengen mellom ord og handling. For nokre år sidan, i eit talkshow på fjernsynet (som eg dessverre har gløymt namnet på), var det ein som snakka om akkurat denne redsla. Han gav eksempel på korleis vi kan teste irrasjonell frykt: Vi kan for eksempel seie høgt ut i rommet: Eg ynskjer at bestefaren din døyr av slag i dag! Dei fleste av oss vil vegre oss for å seie det. Ikkje berre fordi det er ein fæl ting å seie, men fordi vi er genuint redde for at ved å seie det, vil vi auke sannsynet for at det faktisk skjer!

På same måte er vi redd for draumar der familiemedlemer dør. Tenk om det skjer på ekte!  Og så går vi rundt og er ekstra redde for at akkurat det vi har drøymt skal skje.

Ein som har drøymt ein slik merkeleg draum, er  journalist Ivar Fjeld, som nyleg har gitt ut bok om terroren på Utøya. I boka grunngir han terroren mot øya med blant anna AUF sin politiske ståstad i midtaustenkonflikta, og ei auka “islamisering” av det politiske miljøet på øya.

Denne boka kjem ut ein del månadar etter at ein høgreekstrem terrorist, som sjølv gjekk rundt med vrangførestillingar om Europa og verda, er dømt og sett bak lås og slå. Terroristen handla ut frå eit vrengebilde om islam si rolle i Europa, og innleia sin eigen “heilage krig”. Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at han ynskte å ramme AUF, sidan dei, i hans hovud, fører ein politikk som går imot alt det han står for sjølv. Likevel kan ikkje AUF klandrast i saka. Dei tenkjer politikk, i eit demokratisk og fritt land der vi ynskjer innspel frå alle politiske leirar.

Dei kan ikkje klandrast meir enn eg kan klandrast viss bestefaren din døyr av slag i dag, sjølv om eg sa ynskjet høgt. For korleis kan mine ord, sagt ein heilt annan stad i landet, framprovosere eit slag?

Det er irrasjonell frykt, og ein samanheng som slett ikkje finst.

Og terroristen må fortsatt bere skulda for udåden på Utøya aleine.

(Bildekjelder: bt.no, dagbladet.no og toptenreviews.com)

2 kommentarer:

  1. Jeg leste debatten på Dagen, og du fremstiller Fjeld som ein "draumar" etter en lang filosofisk, belærende innledning ovenfor. Det har du full rett til å gjøre, du linker ham til Breivik på den måten at han led også av vrangforestillinger. Så du kom i mål, Fjeld skulle rammes, AUF beskyttes. Dette gjør du mens AUF er helt hevet over kritikk:

    "Likevel kan ikkje AUF klandrast i saka. Dei tenkjer politikk, i eit demokratisk og fritt land der vi ynskjer innspel frå alle politiske leirar."

    Flere på Dagen, innludert Fjeld snakker ikke om dette i det hele tatt, men det at Utøya har blitt brukt til leir for grupper i Midt Østen i 15 år, ungdom som læres opp fra de er barn at det er en plikt, og og en ære å drepe jøder. Ikke bare AUF støtter dette, men Norge gir millioner i støtte over statsbudsjettet. Det har Fjeld full rett til å ta opp, men burde latt linken til Gud og Brevik ligge, for der gav ham deg og andre ett klassisk halmstrå - for å gå efter ham. Jeg dette gått selv finner de ikke ett slikt tar de på kommaregler.
    Poenget er at du bruker dette, som andre har gjort for deflektere fra AUF sin støtte til terror, som moderpartiet, hele venstresiden, ja langt inn i den borgerlige leir.

    SvarSlett
  2. Eg meinar eg har presisert kva eg meiner på ein ganske klar måte på dagen.no, men for å oppsummere heilt kort:

    - Eg meiner ikkje at Fjeld er ein "draumar". Eg brukar ordet draum allegorisk, med referanse til det eg skriv rett før, om å vere redd for ein samanheng mellom det ein tenkjer/seier/drøymer, og det som faktisk skjer. Eg meiner Fjeld ser ein samanheng som ikkje er der, som mellom draum og verkelegheit. Fjeld er heilt sikkert ein oppegåande mann. Eg kjenner han ikkje, og har ingenting imot han. Det er påstandane hans om samanheng mellom AUF sine aktivitetar og det å bli utsett for terror eg kommenterer.

    - AUF er slett ikkje heva over kritikk frå mi side. Eg har veldig imot politikken deira og det dei står for. Likevel kan dei ikkje klandrast for at ein mann med vrangforestillingar vel å angripe dei med våpen. Ivar Fjeld har ytringsfridom, og skal heller ikkje møtast med våpen og vald. Eg ynskjer å kritisere AUF med ord. Og eg kritiserer Ivar Fjeld med ord. Det er slik eit ope demokrati fungerer.

    - Det er heilt fint at Ivar Fjeld tek opp AUF sine gjeremål, og kritiserer dei. Det eg har imot, er koplinga til terroren som ramma dei, og at det av enkelte vert omtala som fortent, som ein logisk konsekvens av deira politikk eller som ei straff frå Gud. Eg har ikkje lese Fjeld si bok, så viss det eg har lese i aviser på nettet er ei feil framstilling av Fjeld og hans meiningar, skal eg beklage at eg nemner hans namn i innlegget. Eg står likevel for bodskapet, som er heilt uavhengig av Fjeld som person.

    - Etter det eg forstår av mange av kommentarane, kom eg slett ikkje i mål, som du skriv. Eg ynskjer ikkje å ramme Fjeld, og heller ikkje beskytte AUF.

    SvarSlett