tirsdag 28. juni 2011

Heilt gratis tips

Det er svært prisverdig at så mange ynskjer å hjelpe befolkninga på Gaza (Sjølv om det er usemje om kor stor krisa på Gaza eigentleg er (VL, 6.mai), i tillegg til at dei meir eller mindre inkompetente styresmaktene på Gaza ikkje set ALL energien sin inn på å gjere det betre for sine eigne.)

I desse dagar ligg det båtar i Hellas og ventar på siglingsløyve. Ombord er det naudhjelp til Gazastripa, og menneske som ynskjer å hjelpe dei som lever der. Problemet deira er at Hellas ikkje vil gje dei siglingsløyve. Det er det eine. Det andre er at det er ein ganske så effektiv sjøblokade rundt Gazastripa. Israelsk marine patruljerar farvatna, og med tanke på alle smuglingsforsøka av våpen frå Iran inn til Gaza, er jo dette svært forståeleg.

Vi kan jo også ha i bakhovudet den heller mislukka aksjonen i fjor, der fleire aktivistar vart drepne i det dei begynte å bruke vald mot israelske soldatar som borda skipa.

Med dette som bakgrunn, vil eg herved, heilt gratis, gje eit par tips til alle dei som ynskjer å hjelpe dei naudlidande på Gaza:

1) Sigl til Egypt, last varene inn i lastebilar der og køyr dei inn i Gaza via Sinai. Her er grensa open, og det er nok langt lettare å få løyve til å frakte varene denne vegen. (Sjå blå pil på kartet)


2) Følg den raude pila, luftvegen. I og med at Israel ikkje har stengt grensene til Gaza for matvarer og anna naudhjelp, kan de fly varene til Tel Aviv, laste dei i lastebilar der og køyre dei inn i Gaza. Dette er kanskje hakket vanskelegare enn alternativ 1, sidan Israel har noko strengare grensekontroll (Utan at eg dermed seier at Egypt slepp inn alt og alle, det har eg ikkje grunnlag for å hevde). Uansett er det mykje enklare enn å bryte ei militær sjøblokade.

Kvar dag går det svært mange lastebillast med varer inn til Gazastripa via Israel. Dei vert sjølvsagt kontrollerte, det ville eg også gjort viss eg skulle slept ein lastebil inn til eit område som stadig skyt etter meg med rakettar. Rein logikk, rett og slett.

Ei ulempe er det sjølvsagt å gjere det på denne måten, det må eg jo innrømme: Ein går glipp av all omtale i pressa, for kven gidd vel skrive om ei heilt ordinær vareleveranse med lastebil, blotta for dramatikk og handlingar som kan setje Israel i eit dårleg lys? Ikkje dei fleste norske aviser, i alle fall.

1 kommentar:

  1. Eg er litt usikker på om levestandarden der er like så god som i Danmark, då... Der er nok mange som treng hjelp, for all del, men eg trur ikkje det å utfordre sjøblokaden er den rette måten å gjere det på. Og leiarane deira kunne så absolutt gjort mykje meir enn det dei gjer. Dei kunne for eksempel brukt alle dei pengane og energien dei brukar på rakettar og slikt til å hjelpe sine eigne. Då hadde dei hatt det mykje betre, pluss at det hadde blitt betre for israelarane, som då ikkje hadde trengt å kontrollere grensene så grundig.

    Men det er vel ikkje nokon stor hemmelegheit at verda hadde vore betre utan våpenbruk...

    SvarSlett