tirsdag 12. juni 2012

Bibelen - ei bok om kjærleik

I bilen på veg til jobb i dag tidleg høyrde eg eit intervju med ein politiker på radioen. Mannen NRK snakka med, er fylkespolitiker og lokalpolitker på Karmøy. Han har motteke ei rekke negative tilbakemeldingar på det som vert skildra som "sosialisme". Mannen representerer Arbeiderpartiet, og har fått advarslar om Guds vreide og straff for den politikken dei fører. Det er hovudsakleg dei som er ueinige i saka om den kristne formålsparagrafen i skulen som kjem med slike utsegn.

Eg kjente at eg nesten fekk litt vondt i magen der eg sat. Sjølv om dette sjølvsagt ikkje har noko med meg å gjere, går det inn på meg når menneske som kallar seg kristne sender truslar, hatmeldingar og fordømmande kommentarar med ord om Guds straff. Det er ikkje slik det skal vere. DET ER IKKJE SLIK DET SKAL VERE!

Bibelen er ei mangfaldig bok, som rommar alle menneskelivet sine kjensler og svingningar. Dei fleste både vonde og gode tinga vi menneske kan komme ut for, er skildra på ein eller annan måte i boka. Nokre tekstar er uforståelege, andre er klare og direkte. Uansett korleis ein tolkar enkelttekstar, er heilskapen mykje tydelegare. Det går ein raud tråd, ein kjærleikstråd, tvers gjennom heile boka. Agape, Guds kjærleik til oss menneske, er det som pregar boka. Sjølvsagt finn vi både eros, den erotiske kjærleiken, og philos, brødrekjærleiken i Bibelen. Dette er viktige sider ved menneskelivet! Likevel er det agape som er den største straumninga, og denne kjærleiken skin gjennom på mange måtar.


Eg kom på ei frase frå Romarbrevet kapittel 12 då eg sat der i bilen og høyrde på intervjuet med denne mannen som hadde fått så mange vonde ord mot seg. Det var frasa: "... velsign og forbann ikkje." Det er det vi er kalla til. Å velsigne!

Her kjem verset i sin kontekst, Rom 12, 9-18. Opp med handa alle som finn oppfordring til hatmeldingar, fordømming eller forbanning av andre menneske i desse versa:

"Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode!  Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren! Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna. Ver med og hjelp dei heilage som lid naud, og legg vinn på å vera gjestfrie. Velsign dei som forfølgjer dykk, velsign og forbann ikkje. Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt. Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke! Løn ikkje vondt med vondt; ha tanke for det som er godt for alle menneske. Gjer alt de kan for å halda fred med alle menneske, så langt det er mogleg."

Kapittel 12 i Romarbrevet er eit kapittel vi som kristne burde lese så ofte som råd er. I bibelselskapet si oversetjing har kapittelet fått overskrifta "Det kristne livet". Det er slik det kristne livet skal levast!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar