lørdag 16. juni 2012

Musikkhistorie del 2

Året er 1996. Ein gjeng elevar frå vidaregåande, starten av 2. klasse, er på ekskursjon til Førde. Vi skal lære om industri, kommuneutvikling og brear. I ein pause går vi bort til det ganske så nyopna Førde Torg, endå eit handelssenter i hjartet av handelsknutepunktet i Sunnfjord. Dei fleste køyrer gjennom Førde, handlar og køyrer vidare... I toppetasjen er der kome ein ny og spennande butikk, som appelerer veldig til kontordelen av hjernen min: Tybring-Gjedde! (Seinare "Binders", og no "Staples") Her er det brevordnarar, holemaskiner, skrivepapir i dei fleste variantar, pennar, markeringstusjar, stiftemaskiner... så mange gode ting!

Rett før kassa står det eit høgt CD-stativ, og på toppen står det: Opningssal! Eit raskt overblikk over hyllene, og vi slår fast at her er det klassisk musikk som er i vinden. Eg hadde lite greie på den slags, hadde vel i grunn berre ein einaste verkeleg preferanse til sjangeren, nemleg Georg Friedrich Händel sin "Water music", og då særleg "Music for the royal fireworks". Vi høyrde ofte på klassisk musikk på slutten av musikktimane i 8.klasse, og overtyren til fyrverkerimusikken var ein av dei melodiane som eg verkeleg likte. Eg fann plata med "Water music", og i tillegg fann eg denne:


"Minute waltz", eit av Chopin sine verk. Eg har ikkje så ofte tolmod til å sitje ned og høyre på klassisk musikk, og kjem ikkje så ofte på å setje det på som bakgrunnsmusikk heller. Men akkurat denne plata har eg faktisk høyrt ein del på, både bevisst og underbevisst... Eg brukte den nemleg som "vekkarklokke" ein lang periode i tida etter Førde-ekskursjonen. På CD-spelaren hadde eg ein slik "timer"-funksjon. Eg stilte inn tida, og sette ofte akkurat denne CDen i spelaren.

Chopin laga vakre og behagelege melodiar, som det slett ikkje er så verst å vakne til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar