fredag 22. juni 2012

Det vi sit igjen med

Etter 22. juli har ikkje Noreg vore heilt som før. Vi mista litt av uskulda, og samfunnet vart sett på ei hard prøve. Den ti veker lange rettssaka mot terroristen har vist at vi har bestått prøva, og det med glans. Det var ikkje terroristen eller frykta eller hevngjerrigheita som vann. Det var samhaldet og rettsstaten.

I dag høyrde eg på radioen at politiet og forsvaret skal begynne å samarbeide meir, og ha fleire øvingar saman. Dette er eit direkte resultat av 22. juli-terroren. Dei skal samarbeide betre for å kunne reagere raskare og meir presist. Det tettare samarbeidet er eit resultat av det som skjedde i fjor sommar, men samarbeidet handlar ikkje om betre forsvar mot muslimar, innvandrarar eller "kultur-vandalistar" på venstresida. Forsvaret skal vere betre mot slike som Anders Behring Breivik. Det er slike som han vi treng vern mot.

Eg sit også att med ein mykje større respekt for det norske rettsvesenet. Eg har alltid vore tilhengjar demokratiet og rettsstaten, men først no det siste året har eg forstått kor fantastisk bra systemet vårt er. Den sindige og beherska måten terroristen har blitt møtt på, og korleis våre advokatar, dommarar og juristar har nekta å la seg påvirke av folkemeiningar og kjensler, er forbilledleg. Terroristen handla på tvers av heile vår norske livsstil og tenkemåte, og på ein så bisarr, forferdeleg og grotesk måte, at det har vore vanskelege å ta det inn over seg. Det er nok mange som har kjent på hat, naturleg nok. Og mange har nok tenkt tanken at han hadde fortent ein smertefull og langsam død. Men å tenke det er ein ting. Kva som faktisk vert gjort er noko anna. Heldigvis. Han har blitt behandla som alle andre lovbrytarar, og skal dømmast etter den same lova som gjeld for alle som kjem for norsk rett. I denne saka er det terroristen som er den avvikande.

Eg syns det er flott at vi har eit rettssystem som begynner på null og ikkje dømmer den tiltalte på førehand. Det er fantastisk at forsvararane kan be retten om å frikjenne tiltalte, endå alle veit, og han har innrømma, at han har drept 77 menneske og skada mange andre! Sjølv vi så og seie kan garantere at han ikkje vert frifunnen, er det ei fin symbolhandling. Den tiltalte skal behandlast rettferdig, og ikkje vere dømt før juryen og dommarane har avsagt dommen!.

I dag skulle terroristen sjølv få komme med eit innlegg mot slutten av rettsmøtene. I det han får ordet, reiser dei pårørande som var til stades i salen seg, og går stille ut. Ein stille og verdig protest, som meir enn tydeleg demonstrerar kva dei meiner om terroristen. Utan eit ord talte dei ein tydeleg tale, mykje meir effektivt enn alle skjellsord eller hemnforsøk som kunne vorte brukt.

Det vi sit igjen med etter denne forferdelege tragedia, og rettssaka som har fulgt, er:

- 77 menneske som har vorte frårøva livet og framtida.

- Ei mengde såra menneske, som kjem til å bere psykiske og fysiske arr resten av livet.

- Ei mengde menneske som sit att med sorg og sakn, og ein kvardag så annleis enn den burde vere.

- Ein  rettsstat som har vist at den fungerer.

- Ein terrorist med djupe personlegdomsforstyrringar, og som vi forhåpentlegvis ikkje får høyre meir til i det offentlege Noreg.

- Og sjølvsagt ein del utfordringar, som ein noko snevrare politisk debatt. Sidan terroristen så effektivt øydela for dei innvandringskritiske stemmene, og gjorde slik at dei ikkje har vorte tekne på alvor det siste året, har vi ein veg å gå for å få eit ope debattklima i landet vårt.

- Eit større medvit om kor viktig det er å vise godleik og samhald. Eg får frysningar på ryggen når eg tenkjer på det enorme rosetoget i Oslo i fjor sommar, og eg syns det er ein veldig fin symbolbruk i møte med denne type avskyelege handlingar.

Vakt utanfor Oslo tinghus
 - Eit større medvit om kor viktig det er å vere redeleg i sin politiske argumentasjon, og alltid halde sak og menneskeverd i fokus, og ikkje trakke medmenneske ned med orda ein bruker. (Ok, dette siste punktet er ynskjetenking får mi side. Eg håpar denne type debattklima kan bli verkeleg.)

- Dessutan sit eg igjen med ein djup respekt for forsvararen Lippestad. Den hårfine balansegangen han har måtte foreta dette året, og den gode måten han har takla dette på, har vist at Noreg har advokatar i stjerneklassen!

Til slutt vil eg seie, sjølv om det kanskje ikkje er heilt politisk korrekt: Eg sit også att med eit sårt hjarte for terroristen. Eg tykkjer oppriktig synd på han. Dei vrangforestillingane han har, og det heilt forvrengte verdsbildet og den idiotiske og klokkeklare trua på at det han har gjort var naudsynt. Og den stivnakka måten han møter i retten på og korleis han stenger alle kjensler ute og nektar å ta inn over seg kor grusomt det han har gjort er (truleg fordi han faktisk trur at det er noko ettertida, eller kven han no har gjort dette for, skal takke han). Slike menneske er det verkeleg synd på. Eg håpar han vert sitjande innesperra resten av livet sitt, men eg håpar like sterkt at han må innsjå kva han har gjort og angre. Og eg håpar inderleg at han, etter å ha innsett sitt enorme feilgrep, kan få møte den evige Guds nåde, for det er det einaste han verkeleg har behov for.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar