søndag 3. juni 2012

Å rote seg vekk i "kloke" tankar

Eg har ein lei tendens til å komplisere trua. Viss og om og men og kva om slik og kva om datt, slik kan eg rote det heile til, rett og slett gå meg vill i eigne funderingar. Eg vil så gjerne forstå alt, og vil så gjerne at alt skal vere logisk og greit, og vil så gjerne at alt eg lærer om Gud skal passe inn i mitt verdsbilde og mine tankar og mine forestillingar. Omtrent slik:


I staden for å følgje den beine vegen til målet, og kvile hos Jesus og i det han gjorde for meg på korset og då han stod opp att, så går eg ein omveg og rotar meg vekk i kompliserte tankar som ikkje fører meg til det sentrale.

Eg trur mange menneske har det på same måten. Eg har den fordelen at eg kjenner Jesus. Eg har fått knele under korset, lagt mitt liv i Jesu hender og har fått ei tru som etterkvart har blitt ganske slitesterk. Så når eg rotar meg ut på avvegar, vert eg stadig innhenta av Jesus. Han talar til meg gjennom Bibelen, og han talar til meg gjennom andre menneske som held fram dei viktige tinga og forklarar meg, nok ein gong, kva som er lurt. (For eksempel dette blogginnlegget: Pappakjærligheten av Victoria Vik) Jesus dreg meg inn til seg, gong på gong, og kviskrar til meg: Du er mitt barn.


Så er det ganske mange menneske, store tenkarar og lure menneske, som prøver å løyse mysteriet med livet og tilværet generelt. Dei ynskjer ikkje å inkludere Gud i dette mysteriet, og prøver å finne ei løysing der dei slepp å forholde seg til han. Dei held seg i den same labyrinten. Der står tydeleg oppmerka at det er blindgate, men dei klarar å oversjå det. Mest fordi dei ynskjer å oversjå det! Eg syns C.S. Lewis skildra dette på ein veldig fin måte i boka "Den siste striden" (Bok nr. 7 i Narnia-serien). Der møter vi på ein flokk med tvers gjennom kloke dvergar, som har gått gjennom porten inn til det nye Narnia. Der inne er det grøne enger, blå himmel, vakre tre og eit landskap som tek pusten frå deg. Viss du ser det. Dvergane såg det ikkje. Døra inn til nye Narnia var eigentleg døra inn til eit skur, og dvergane fekk rett og slett ikkje med seg den store forandringa rundt seg. Fordi dei ikkje ville få den med seg. Dei såg skuret, og sat der i sitt innbilte mørke, medan dei andre dansa og sang rundt dei, og gjekk lenger inn i landet. Dvergane vart sitjande att i mørket. Dei var for skeptiske til å tru kva som faktisk hadde hendt...
 
I dagens bibeltekst frå Lukas 10, kan vi lese: "I same stunda jubla han [Jesus] i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje." (Vers 21)

Det er ikkje alt vi kan sjå med forstanden og klokskapen vår. Enkelte ting må vi berre tru. Grunnen er at vi rett og slett ikkje kan fatte det, nokonsinne! For eksempel er det umogleg for oss menneske å forstå at nokon kan stå opp att frå dei døde. Er nokon død, så er dei død. Punktum. Alle våre erfaringar peikar i den retninga. Likevel stod Jesus opp att! Det som verkar umogleg for oss å forstå, er mogleg å tru. Den Heilage Ande skapar trua i oss, viss vi slepp han til. 

Du treng ikkje leite i store katedralar, anerkjente utdanningsinstitusjonar eller djupe og kronglete bøker for å finne den sterkaste trua. Alt du treng er å stole på det Jesus sa, om lag som eit lite barn stolar på sine foreldre. Det er ikkje gjennom tunge teologiske dogmer og læresetningar Jesus frelser oss. Det er gjennom den barnlege trua på hans død og oppstode, og gjennom den barnlege tillita til at hans nåde er nok, at vi vert opne for hans frelse i liva våre.

Ikkje rot deg vekk i labyrinten. Gå til Jesus!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar