onsdag 20. juni 2012

Soldat med våpen vs Soldat for Kristus

I dag las eg Boris Vian sitt kjente dikt "Herr President" medan eg hadde ein arbeidspause på jobb. Slik er første verset:

Herr president, jeg skrev et brev jeg nu vil sende, 
og får De tid, kan hende De leser dette brev. 
For jeg har mottatt selv et brev fra militæret, 
som sier jeg skal være ved fronten onsdag kveld. 
Men jeg er ikke sendt til jorden for å drepe, 
så meg kan ingen slepe i krig, herr president. 
Beklager hvis det gjør Dem sint å lese dette.  
Nå har De altså sett det: Jeg vil bli desertør!

Det er særleg ei linje i dette verset som traff meg i dag, nemleg denne: "Men jeg er ikke sendt til jorden for å drepe, så meg kan ingen slepe i krig, herr president". Eg kan verkeleg kjenne fortvilinga som ligg bak denne utsegna, og eg kunne ikkje sagt meg meir einig. Gud har ikkje skapt oss til å drepe!

Så begynte eg å tenkje på kor urettferdig det er, at nokon kan tvinge andre til å gå til krig. Presidentane og kongane og dei som styrer, har til alle tider bygd opp hærar, og frå tid til anna, og dessverre veldig ofte, har dei sendt desse hærane i krig. Krangel om makt og krangel om grenser har ført mang ein uskuldig og fredeleg bonde, rørleggjar, snekker eller lege ut i krig med våpen i hand. Menneske som kanskje først og fremst har lyst til å bli vekt av vekkarklokka om morgonen, tusle på jobb, gjere den jobben ein har utdanna seg til, komme heim og ete middag og tilbringe tid saman med familien. Menneske som heller vil sitje i ein sofa og fortelje vitsar og gode historier saman med venner. Menneske med ynskje om å kunne sovne under ei varm dyne, medan dei held rundt den dei er mest glad i av alle.

Desse fredelege menneska vert dregne ut av heimane sine, får på seg ein uniform og eit våpen i handa, og så får dei beskjed om å gå på rekke og til slutt drepe fiendar, så mange dei kan. Medan dette skjer, sit presidenten heime i residensen sin og får maten servert til si faste tid... Og kva bryr det vel han, eigentleg, om den unge snekkaren eller bonden vert drepen av ei kule og gravd ned saman med fjorten andre i ei provisorisk grav? Han kjenner han ikkje. Han har berre beordra til krig.

Dette er urettferdig. Eg håpar for det første at eg aldri kjem i ein slik situasjon. Eg er ikkje sendt til jorda for å drepe. For det andre tenkjer eg på alle dei som har opplevd eller opplever dette. I kveld faldar eg hendene mine for dei.

Ei tid tilbake såg eg dette bildet i ein reportasje frå Syria:


Først kasta eg berre eit blikk på det, og arkiverte det under "endå eit krigsbilde". Men så studerte eg det litt nøyare, og la merke til det halve kjøkkenet litt oppe, midt på bildet. Der står det ein mikrobølgjeovn, eit kjøleskap, fleire hyller og andre ting som eg ikkje klarar å identifisere. Morgonen før denne bomba eksploderte, stod det kanskje ei kvinne på dette kjøkkenet. Kanskje la ho eit halvtint brød inn i mikrobølgjeovnen. Kanskje trakta ho kaffi og åt frukost saman med mannen og borna. Kanskje snakka dei om skulen, om arbeidet til mannen. Kanskje var dei bekymra, med tanke på all uroen i landet.

Nokre timar seinare finst ikkje kjøkkenet meir, og familien, viss dei overlevde, har ikkje lenger ein stad å koke kaffi. Så blodig urettferdig rammar krigen! Det er til å grine av.

I Sakarja 4, 6 står det slik:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren over hærskarane.

Som kristne skal vi ikkje kjempe med våpen. Det er ikkje det vi er skapte for. Vi er skapte for å høyre og fylgje Guds Ande. Vi skal ikkje kjempe med våpen, men med ånd. Den Heilage Ande skal gi oss mot og kraft, og visdom til å ta dei rette stega. Dette er den rette måten å "kjempe" på: Ei hand løfta til Gud, ein open Bibel i den andre, augene festa på Jesus og beina trygt planta på bakken:



Måtte Gud bevare oss mot det å nokon gong måtte ta opp våpen for å skade andre. Måtte Gud fylle oss med sin Ande, og omforme oss til menneske som lever etter Hans vilje. Og måtte Gud bevare alle dei som lever der det er krig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar