lørdag 9. juni 2012

Menneske, naturen og Gud

Når eg går i fjellet, eller ser ut over havet i skjærgården eller går ute ei mørk haustnatt og ser mot stjernene, får eg den kjensla som salmediktaren skriv om i Salme 8:


Eg kjenner meg utruleg liten, og verda vert så stor. Berre dei mektige fjella rundt meg, her eg bur, burde vere nok til å bli audmjuk. Når eg då begynner å tenke på kor stort Noreg er, og igjen kor lite Noreg er i forhold til resten av verda... Eg har berre sett ein brøkdel, og knapt nok det, av det som finst på jorda.

Om kvelden vert himmelsløret trekt til side, og vi kan sjå gjennom atmosfæren og ut i det store universet. Stjernehop på stjernhop, milliardar av galaksar og fjerne himmellekamar. Det er ufatteleg stort, og når eg startar å tenke på kor langt ut det i det heile er mogleg å komme, og kor langt vi må reise for å komme til enden (Viss den då finst?), så mistar eg litt pusten. Og vert litt redd, faktisk. Eg vert så liten, og universet vert så ufatteleg stort.

På denne vesle planeten som vi kallar Jorda, ein liten prikk i det store verdsrommet, i eit lite land, i ei lita bygd, i ei lita stova. Der sit eg. Eit støvkorn i forhold til alt det som finst. Saman med meg, i det same vesle rommet, er det to personar til. Der er ei kvinne som eg elskar over alt anna på jord, og som har valt meg av alle dei milliardar andre ho kunne valt. Og den tredje personen i rommet er ingen ringare enn universets skapar. Gud sjølv. "I det høge og heilage bur eg, og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda" (Jes 57,15) Universets skapar er heilag, og tronar over alt det skapte. Han valte likevel å audmjuke seg, bli eit menneske og dele våre livserfaringar (Fil 2,7). Han veit kva vi menneske strevar med, og han ser til oss og passar på oss. Endå vi er små prikkar i det store universet, elskar Gud Fader oss så høgt at han til og med ofra sitt eige liv for oss!

Då må eg spørje: Kvifor? Kva er så spesielt, eigentleg, med oss menneske? Eg veit ikkje, eg er berre glad Gud har sagt at han elskar oss, og ynskjer fellesskap med oss.

Sjølv om eg er ein liten prikk, eit støvkorn, imot heile Guds univers, så er eg likevel ikkje gløymt. Gud er glad i støvkornet sitt, og å vite det tek vekk frykta for det uendelege store rommet eg er ein del av!

Job, mannen som fekk oppleve så utruleg mykje liding, og som anklaga Gud både for å ha skapt han og for å behandle han urettferdig, rettar ein harmdirrande peikefinger mot den Allmektige. Venene til Job rettar på si side dirrande peikefingrar mot han, for dei meiner han spottar Gud. Då svarar Gud dei, og set dei alle på plass: Kva veit vel dei (og alle andre menneske) om kva Gud tenkjer, planlegg og ynskjer? Kva veit vel menneska om Guds allmakt, eigentleg? I Job 38-41 gir Gud ein mektig tale, som fører til at Job til slutt bøyer knea og erkjenner at han er mykje mindre enn Gud. Eg syns at Jobs bok er ei fantastisk flott bok å lese, og dei gongane eg ikkje forstår Gud (les: dei gongane eg innser at eg ikkje forstår Gud, forstå Han gjer eg aldri), så tek eg fram slutten på Jobs bok. Der set Gud tinga på plass!

Todd Agnew har laga ein stilig song ut av Guds tale i Jobs bok, og i videosnutten under kan du høyre den, samt sjå ein drøss med tankevekkjande bilder. Kvar gong eg ser denne filmen, får eg lyst til å setje den på pause ved kvart bilde, for å studere dei og tolke dei!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar