søndag 24. juni 2012

Å, eg veit meg eit land

I det siste er det spesielt ein song dei har spelt mykje i radioen, som eg har fått litt på hjernen, og som eg blir veldig glad kvar gong dei set på. Songen heiter "Å, eg veit meg eit land", og er ei omskriving av Elias Blix sin kjende song med same tittel. Valkyrien Allstars har skrive om teksten, aktualisert den og latt den få eit litt kritisk blikk til den utviklinga vi kan sjå i landet vårt. Det er sytekulturen som får gjennomgå hardast, når dei etter siste vers avsluttar med: "Å, eg skjemmest, å eg skjemmest, eg skjemmest så ved dette land".

Elias Blix skreiv denne songen som ein hyllest til sitt barndoms Nordland, og så har den då også ein alternativ tittel: "Barndomsminne frå Nordland". Trass i dette kjente faktum, er det nok mange av oss "søringar" som også har sunge denne songen med stolt hjarte, og tenkt på vår respektive del av landet, eller kanskje til og med heile landet.

I Valkyrien si nye drakt, er det i alle fall ikkje noko tvil om at det er heile landet dei snakkar om. Songen er med på ei ny plate frå Kyrkjeleg Kulturverkstad, med tittelen: "Norge, mitt Norge...?" Her er det omskrivingar av mange kjente norske songar, og alle set søkelyset på det moderne Noreg, ofte med eit kritisk blikk. Eg har ikkje høyrt plata endå, men denne "teaseren" frå KKV dempar ikkje akkurat lysta på ei gjennomlytting eller to...:



No håpar eg berre at dei spelar heile songen på radioen snart, så eg får høyrt den igjen...

1 kommentar:

  1. Så spanande prosjekt! Dette håpar eg at eg høyrer meir om:) Originalsongen til Blix er fin, så kjem nok til å lika denne også:) Ha ein fin og lang ferie!! Me lærarar er heldige slik:)

    SvarSlett