onsdag 6. juni 2012

Fri som fuglen

I går kveld, på bibelgruppa, hadde vi besøk av Ketil Stokkeland frå Norforsamlinga på Vigrestad. Han hadde med seg ei tankevekkjande historie som vi brukte som utgangspunkt for samtalen. Eg syntes det var ei så bra forteljing, at eg gjerne vil dele den vidare, og så dele nokre tankar eg fekk då eg høyrde den. Eg har dessverre ikkje historia framfor meg, så her kjem min eigen, gjendikta versjon:

“Det var ein gong ein liten fugl som levde i utkanten av den karrige ørkenen. Kvar morgon flaug han ut frå reiret, på leit etter mat i det skrinne jordsmonnet. Makkane han fann var små og pjuskete, og mesteparten av dagen gjekk med til leitinga. Kvar ettermiddag flaug han mett og god over sand og kratt, svevde oppover og stupte nedover og solte seg i det varme lyset frå sola. Når kvelden kom var han glad og fornøgd, og kjente på lukka over å kunne sove i sitt eige reir. Neste morgon var det tilbake til det vanlege strevet med å finne mat.

Ein føremiddag traff han på ein handelsmann som stod med vogna si på ein støvete og avsidesliggjande landeveg. Akkurat denne morgonen hadde det vore ekstra vanskeleg å få tak i mat, og teksten på ein stor plakat ved sidan av vogna trakk den vesle fuglen til seg. “Store, feite makkar til sals!” stod det på skiltet. Dette er noko for meg, tenkte fuglen, og nærma seg forsiktig. Handelsmannen såg den vesle fuglen, og heldt fram ein neve med dei største, feitaste og deiligaste makkane fuglen nokon sinne hadde sett. Dei måtte vere fire gongar så store som dei største han kunne finne rundt reiret sitt! Fuglen tok endå eit steg nærare, og kikka nysgjerrig på mannen.

Handelsmannen plukka ut to makkar frå  neven, og løfta dei opp i lufta. No kunne fuglen sjå endå tydelegare kor saftige dei var, og hoppa endå nokre steg nærare. “To makkar for ei fjør!” smilte handelsmannen, “Berre ei lita fjør for desse to!” Fuglen syntes ikkje det var så urimeleg. Fjør hadde han mykje av, og ei frå eller til hadde ikkje så mykje å seie. Han flaug fram og snappa til seg dei to makkane, og svelgte dei med stort velbehag. Det var det beste han nokon sinne hadde smakt! Så nappa han ut den minste fjøra han kunne finne frå under høgre vinge, og gav den til handelsmannen. Begge var fornøgde med handelen.

Neste dag flaug fuglen ut for å sjå etter handelsmannen, og fann han på den same staden. Dei gjorde den same handelen også no, og fuglen kunne flyge mett og glad av stad. Kvar dag stod handelsmannen der, og fuglen oppdaga raskt det største godet ved handelen: No hadde han heile dagen for seg sjølv, han kunne fly rundt og gjere akkurat det han ville! Kjensla av fridom var grenselaus, og kvar kveld la han seg lukkelegare til sinns enn kvelden før.

Den svinnande fjørdrakta bekymra han ikkje, for han levde på ein varm stad med lite bruk for isolasjon. Dessutan visste han at med tida ville det vekse ut nye fjør, og han kunne stoppe handelen kor tid han ville. Han hadde kontrollen, og såg ikkje den store ulukka før det var for seint.

For ein dag, etter endå ein lukrativ handel, kasta fuglen seg ut i lufta for å fly av garde, men i staden for å sveve, falt han tung på bakken. Dei store feite makkane hadde auka kroppsvekta hans til det dobbelte, og han hadde gitt frå seg så mange fjører at dei han hadde att ikkje klarte å bere kroppen hans lenger. Med bankande hjarte stirra han hjelpelaust opp på handelsmannen med ei bøn om hjelp. Men handelsmannen berre smilte til han, og denne gongen var det ikkje eit mildt smil. Fuglen såg berre grådig ondskap, og tårene rann nedover det nakne fugleansiktet då handelsmannen løfta han opp og stengte han inne i eit bur.”

I originalforteljinga vart det også presisert at handelsmannen er djevelen sjølv. Det er eit viktig poeng å ta med seg når ein skal reflektere rundt bodskapen i teksten! Det er særleg to tankar som sit att hos meg etter å ha høyrt historia. Den første var det Ketil som poengterte i løpet av samtalen etterpå. Han sette fokus på fuglen, og korleis det var meininga at den skulle vere. Fuglen skulle vere fri, han skulle kunne sveve fritt under himmelen og leve det livet Gud skapte han til. Ketil flytta også fokuset litt vekk frå den tanken at fuglen var dum, lot seg lure og handla uklokt, altså den tanken at vi som menneske (som fuglen er eit bilde på) skal gå rundt og ha dårleg samvit for alt som går gale og alt vi skulle gjort annleis. Då vert fokuset veldig negativt! Ved å heller tenkje at fuglen vart lurt, at det var ein som stal frå han det gode livet, vert fokuset litt annleis. Då kan ein heller konsentrere seg om problemstillinga: kva skal eg gjere for å unngå å bli lurt? Og korleis er det livet Gud vil eg skal leve?

Handelsmannen tok ei relativt låg betaling for makkane. Berre ei fjør for kvar handel. På sikt vart kostnaden likevel veldig høg. Dette er ei erfaring mange av oss har gjort. Dei små feilstega verkar ikkje så farlege der og då. Viss eg samanliknar meg sjølv med ein mordar eller seksualforbrytar, vert mine feilsteg så små. Det kan ikkje vere så farleg... Men for kvar gong eg tenkjer slik, mistar eg ei "fjør". Djevelen stel ein liten bit av trua mi, av tilliten min til Gud, av ærlegdomen min, av godheten min, av tolmodet mitt, av kjærleiken min, av alt det som Gud har gitt og ynskjer å gi meg. Bit for bit plukkar han det sund, og til slutt vil eg merke at prisen for alle småfeila, alle kompromissa, alle dei gongane eg har tenkt at det er ikkje så farleg og at eg kan endre kurs når som helst og når eg vil, vert for stor.

Vi er skapte til eit liv i fridom. Vi er skapte til eit liv som Guds barn og som medvandrarar for kvarandre. Ved å søke til Jesus, lese hans ord, be til han og dele fellesskap med andre kristne og hjelpe kvarandre fram på vegen, vil vi kunne halde oss "i lufta", og ikkje så lett bli lurte av djevelen sine fristande tilbodsskilt.



Og då kjem eg inn på den andre tanken eg sit att med, nemleg kva djevelen faktisk tilbyr. Fuglen streva med å finne mat i den karrige jorda. Så kom handelsmannen og tilbaud han ei enkel og forlokkande løysing. Det vart komfortabelt og enkelt å leve. Han trengte ikkje slite meir, og kunne bruke tida på andre ting.

Dette les eg som ein liten advarsel mot både egoisme og tilsynelatande enkle løysingar. Vi her i Noreg bur i eit land med overflod. Det er lite strev for å få mat på bordet, det er lite strev for å få klede og husrom, det er lite strev med det meste når det gjeld materielle ting. Sjølv dei fattige blant hos lever relativt gode liv, viss vi samanliknar med land der dei verkeleg strevar. Det finst menneske som ikkje eig meir enn dei kan bere i hendene. Det finst born som bur i treskur, ja til og med born som lever liva sine i kloakken eller på søppelfyllingar. Det finst menneske som brukar heile si vakne tid på å finne nok mat og varme til å overleve endå eit døgn.

Djevelen tilbaud ei enkel løysing. Komfort. Prisen var å miste seg sjølv og sin fridom. Bit for bit. Vi på passe på så ikkje ynskjet om komfort, om rikdom, om hus og bil og båt, om stilige klede og dyre telefonar, tek frå oss det vi verkeleg treng: Fridom frå synd, tilgjeving, kjærleik, omsorg for medmenneske, omtanke og klokskap, vilje til å dele av godene våre.

I eit land der framandfrykta, rikdomen og egoismen veks som aldri før, er vi i ferd med å byte ut vår gudgjevne fridom med falsk lukke?

4 kommentarer:

  1. I am out of words... :-) Du tok denne historia til eit nytt nivå :-)

    SvarSlett
  2. Dette var sterkt og tankevekkende å lese.
    Takk for at du delte denne historien og dine tanker rundt den.
    Må Gud styrke oss til å kunne leve midt i et overflodssamfunn, uten å bli opphengt i å stadig skaffe oss mer rikdom her på jorda. "Hvor din skatt er, vil også ditt hjerte være".

    SvarSlett
  3. Fantastisk bra historie. Sterkt!
    Og tusen takk for dine oppmuntrende ord til meg, det varmet. Ønsker deg en nydelig slutt på denne uken :) Gud velsigne deg og bloggen din.

    SvarSlett
  4. Ketil: Hyggeleg at du er inne her og les! Det var ei fin historie, som gjorde djupt inntrykk på meg. Så takk for at du delte den på bibelgruppa!

    Maria: Ja, vi har ei skikkeleg utfordring som kristne i Vest-Europa i vår tid. Kulturen vår legg ikkje akkurat opp til moderasjon, sjølvforsaking og avkall på goder. Vi er kalla til å vere motkultur, men det er sanneleg ikkje lett!

    Spirea: Takk for det!

    SvarSlett