onsdag 21. desember 2016

Gjetarguten #21: Tru


orda kjem med vinden
er stille, kviskrande lydar
nesten borte før dei er høyrde

men eg fangar dei opp
og eg grublar på desse bølgjene
med eit innhald eg ikkje fattar;

det er så mange vandringsmenn,
men ingen som han

det er så mange lærarar
men ingen med slikt mynde

det er så mange lækjarar
men ingen som gjer det slik

det er så mange tømrarar
men er han berre ein i straumen,

ein blant mange av dei ein møter
ein blom som vil visne når hausten kjem

eller er han verkeleg annleis
slik orda nynnar, kviskrar i vinden
slik dei grublande tankane trur


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar