fredag 2. desember 2016

Gjetarguten #2: Ei natt blant mange


stille traskande
overraskande
robust og vaken
på engfiollaken

det er songen min
som startar slik
eg småsyng for meg sjølv
sauene ligg i klyngjer
dorske i kalde nattetimar

her oppe søv byen
ein einsam silhuett
mot det aller siste dagslyset
bak himmelranda
i vest

det taslar i buskene
luskar mellom trea
tuslar i graset
og ular mot månen

eg
og sauene
oss
og lydane

endå har eg ikkje mista
ein einaste ein


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar