torsdag 15. desember 2016

Gjetarguten #15: Ei forandra verd


eg tek inn den kjende atmosfæren
gjennom nasa, auga, øyra, hud;
dette er mi verd,
staden eg kallar heime

likevel er noko annleis denne natta,
noko med lufta i rommet
eller lyset som fell frå lampene
eller lydane frå dyra – er ikkje lydane forandra?

er ikkje lyset liksom skarpare, eit anna skin
som om fargetonane er reinare, lysare?
og lufta er fylt av nye dufter, som eit pust
frå sommarlege blomsterenger?

eg ser mot krubba, ser det vesle barnet i høyet
kjenner eg vil borttil, ta vekk kvistar, skarpe kantar
- er det ikkje ein tornekvist der under hovudet?
men eg held att, kjenner age for denne scena

for rommet er ikkje som før, verda er forandra;
eg vil aldri kunne gå inn i dette rommet
utan å tenkje tanken, sjå for meg dette bildet
som no ligg gøymt – som ein skatt i hjartet


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar