søndag 18. desember 2016

Gjetarguten #18: Tankar ein gjer seg i stilla etterpå


så går det dagar
så går det netter

eg vandrar med saueflokken
ut på marka, heim til fjøset

kjenner varmen frå kroppar med ull
og kulda frå vinden i trea

dagar går, dagar kjem
og heile vegen høyrer eg kviskringa

om den underlege vesle familien
det merkelege barnet med dei djupe auga

eg anar ikkje kva alt dette skal bety
er det eit teikn, er det eit varsel?

er det ein ubetydeleg parentes
i den uendelege historia? tenkjer eg

og let mitt rolege ytre vere ein kontrast
til mitt urolege, opprørte hjarte


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar