tirsdag 20. desember 2016

Gjetarguten #20: Noko fast


eg flyt på tida, den er ein straum
fører meg framover nedover
mot ukjente land og breidder

i dag er eg ein gut
i morgon ein ungdom
neste veke ein vaksen mann

raskt renn straumen
i svimlande tempo og eg
klorar meg fast til tida

i hjartet veks frøet frå natta i stallen
til ein plante med stenglar og blad
og vert eit tre i mitt indre

eit minne eg har med meg
i straumen, noko fast
eit haldepunkt i alt som forsvinn


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar