tirsdag 20. desember 2016

Ruth Lillegraven: Sigd

Ruth Lillegraven er ein meister med ord, og denne dikt-romanen føyer seg inn i rekka med svært lesverdige bøker frå forfattaren.

Dei fleste dikta kan sjølvsagt lesast enkeltvis, men det beste er å lese dei i samanheng. Det som trer fram då, er ei sterk og nær historie om odelsguten Endre. Historia er lagt til ein gong på 1800-talet, og Endre tek over garden etter faren. Han ynskjer å gå i fotspora til alle dei som har gått før han på garden, men så vert han sjuk og må gje opp draumen.

Endre stengjer seg inne og visnar hen, og kona Abelone veit ikkje korleis ho skal nå inn til han. Så kjem det ei bok frå broren i Amerika, og bøkene vert redninga for Endre. Dei tek han med ut i verda, og ved hjelp av bøkene klarar han og kona igjen å ta opp samtalen.

Det er rett og slett ei jordnær og vakker forteljing, og språket er som alltid vakkert!

Her er eit eksempel frå boka, frå tida før Endre og Abelone finn saman att gjennom det nye språket:

Alt som var

ho som låg
på armen min

som sjølv var vatnet
og molda og himmelen
og alt som skulle kome
og kome og aldri ta slutt

ho som lyste av æva

av graset på hesa
garnet på spolen
og sirkelen kring
månen, rundt
og rundt

medan
fjellet var over oss
og fjorden under oss

medan fjella fall i fjorden
og fjorden fall i fjella

slik eg
fall i henne
og ho fall i meg

slik alt fall saman
til ei ro så god

slik var det, og slik
skulle det alltid vere

men her ligg eg

og ho som låg
på armen min

ho er også
borte no


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar