søndag 11. desember 2016

Peder A. Tyvand: Darwin 200 år - en festbrems

Det er nokre år sidan Darwinjubileet, som var i 2009. Denne boka kom ut same året.


Forfattaren går i denne boka grundig inn i debatten rundt Darwin sin evolusjonsteori. Han er professor i fysikk, og ein del av argumentasjonsrekkene i boka går litt utanfor mi tankemessige rekkevidde. Likevel var det meste mogleg å forstå, og eg vil her dele litt av innhaldet i boka. Det gjer eg i følgjande ni punkt, som eg meiner oppsummerer dei viktigaste bodskapane i boka: 

1)      Naturleg utval er ein prosess som sikrar at bestanden held seg mest mogleg stabil. Ved å sile ut dei svakaste individa eller dei individa som ikkje passar inn i miljøet, sikrar prosessen overlevinga til arten. Det naturlege utvalet er altså ein prosess som vel vekk (dei svake), og ikkje ein byggande prosess.

2)      Mutasjonar er endringar i organismane sitt arvestoff. Dei fleste mutasjonar er skadelege for individet, og vert luka vekk ved naturleg utval. Til dømes vil mutasjonar kunne gje organismar handikap i forhold til dei andre i bestanden, og vil stille svakare i konkurransen.

3)      Mutasjonar kan berre endre på arvestoff som allereie er der, og det er ikkje ein byggande prosess. Eigenskapar kan altså forsvinne eller endre seg ved mutasjon, men nye kan ikkje komme til.

4)      Skadelege virus og bakteriar har truleg kome til på grunn av mutasjonar.

5)      Den biologiske naturen er algoritmisk. Det vil seie at alle prosessar er styrt av oppskrifter. Oppskriftene ligg i DNA-et, og organismen vert bygd og haldt i funksjon ved hjelp av oppskriftene i DNA.

6)      Den døde naturen er ikkje-algoritmisk. Naturlovene fyljer sine reglar, men desse reglane er ikkje avhengig av oppskrifter. Endringar i vær og vind skjer kontinuerleg og usystematisk, det same gjeld erosjon av fjell, frysing av vatn eller lysfarten.

7)      Den døde ikkje-algoritmiske naturen kan ikkje frambringe algoritmiske prosessar.

8)      Dersom DNA-basert liv skulle bli til av seg sjølv, måtte det passert blant anna desse fire barrierene:

a.       Entropi-barriera. Den 2. varmelova seier at der naturlovene får styre utan innblanding, vil ein gå mot stadig større uorden. Den eventuelle første cella ville altså vere motarbeida av varmelova, som ville jobba for å spreie dei ulike bestanddelane mest mogleg.
b.       Fri-energi-barrieren. I system der det ikkje vert tilført energi utanfrå, eller der det ikkje allereie eksisterer mekansimar til å fange opp energi, vil energi alltid gå mot eit stadig lågare og meir ubrukeleg nivå. Den første cella treng fri energi til å kunne fungere, men kor skulle den få denne energien frå?
c.       Næringsbarrieren. Viss vi antar at den første cella vart danna ved ei tilfeldig hending, ville den med det same trenge tilførsel av energi for å kunne halde seg levande. Den er altså avhengig av at der allereie eksisterer anna biologisk liv, og at fotosyntesa er i gang. Utan fotosyntese, vil det heller ikkje kunne bli produsert mat. Den første cella vil altså ikkje kunne vere den første cella…
d.       Reproduksjonsbarrieren. Det er lite poeng i å vere den første fungerande cella, viss den ikkje kan reprodusere seg sjølv og sende livet vidare. I så fall ville den jo med sin død utradere det levande livet igjen. Det må altså heilt frå starten av vere eit fungerande system for reproduksjon. Den første cella må altså ha avanserte mekanismar for å kunne kopiere seg sjølv. Dette impliserer, saman med dei andre livsfunksjonane til cella, at DNA heilt frå starten av må:
                                                               i.      Ha ein avansert og regelbunden koding, der alle prosessane må kunne lesast ut frå koden.
                                                             ii.      Ha mekanismar til avlesing av DNA. Der må altså vere avanserte protein som kan tolke kodane i DNA.
                                                           iii.      Kunne overføre koden til mekanismar som kan gjere bruk av kodane til å bygge protein, eller til å produsere kopiar av koderekka.

9)      Alle kjemiske prosessar i naturen er avhengige av enzym for å kunne gå fort nok. Utan enzym ville prosessane gå så sakte at organismen ikkje vil kunne overlevd. Dei nedbrytande naturlovene ville fått overtaket. Den første levande organismen måtte altså finne tak i allereie eksisterande enzym, og enzym er bygd etter algoritmar/oppskrifter. Cella er altså avhengig av enzym som er produsert av noko anna levande liv. Men kor skal den første cella finne sitt enzym? Den kan jo ikkje lage det sjølv, for det trengs enzym i prosessen som produserer enzym…

Viss vi legg saman alle desse kunnskapane frå boka, er min konklusjon at

1)      Livet kan umogleg ha blitt til av seg sjølv.
2)      Den døde naturen kan ikkje frambringe levande liv.
3)      Den levande naturen er algoritmisk. Den er styrt av oppskrifter.
4)      Naturleg utval og mutasjonar kan ikkje drive utviklinga av naturen. Desse prosessane er i beste fall konserverande (naturleg utval), i verste fall øydeleggjande (mutasjonar).
5)      Naturleg utval og mutasjonar er ikkje-algoritmiske prosessar.
6)      Alt i den finstemte naturen tyder på design.

Dette er sjølvsagt berre eit utdrag frå boka, og kunnskapen slik eg forstod den. Ynskjer du ei meir detaljert og grundig innføring i stoffet, er det best å lese boka sjølv!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar