fredag 16. desember 2016

Gjetarguten #16: Lammet



eg set lammet ned ved krubba
smiler forsiktig til barnet
seier det er ditt
du skal få det

la det vekse kviskrar eg
la det bli til glede
for deg og familien
for alle;

ein skugge glir over auga
til barnet – han ser på meg
eit plutseleg alvor
over dei nyskapte trekka

det søkk i hjartet mitt
som eit sverdstikk i sida, eit slag
og eg ser i eit glimt dette barnet
tilsølt og blodig – død

sakte ryggar eg mot døra
ser fortvila denne vesle familien
i den varme stallen
ser dei mørke skuggane i kvar krok

møter auga til mora
det milde blikket og stemma
kviskringa frå ei ukjent framtid;
det som kjem må komme

eg legg på sprang ut i natta
finn stien tilbake til flokken
og legg meg andpusten ned på marka
ser opp i den uendelege himmelen

så underleg alt er
så merkeleg denne verda
der uskuldige døyr og skuldige går fri
og eg sukkar og kan ikkje meir


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar