fredag 5. august 2011

Dans!

Vårt Land har ein interessant videoreportasje om dans under UL i kongeparken. Reportasjen (sjå den her) handlar om ein konsert som var onsdag kveld, og det var ei gruppe frå Kenya som stod på scena. Afrikanske rytmar og glede fekk ungdomane opp på beina, og det vart, etter reportasjen å døme, ein livlig og livsglad konsert.

Reportaren stiller spørsmål ved om det er skepsis til dans i NLM. Intervjuobjektet svarar litt nølande, og seier at vi nok ikkje treng å leve som forfedrene våre. Det er jo heilt rett. Vi som lever i dag, kan ikkje, og skal ikkje prøve, å kopiere liva til dei som har levd før oss. Vi skal absolutt lære av våre forfedre, og også av feila dei gjorde. Ein generell skepsis til dans er kanskje ikkje den beste arven å få. Dette vert også framheva i reportasjen. Dei som var skeptiske til dans, forbandt den ofte til fyll og utskeiingar. Slikt noko var det nok ikkje på UL, her var det pur livsglede!


Det vart også stilt spørsmål ved om vi oppfører oss annleis når det er afrikanske artistar på scena, om vi "godtek meir" då. Det ville jo, som det også vart sagt, vere ganske så feil. Også i vår nærkultur har vi musikk med mykje rytme og glede, kvifor skal ikkje ein kristen ungdom kunne danse også til slik musikk? Eg hugsar forresten UL i Oslo i 1997, på den tida eg sjølv var deltakar på stemnet, at det blant anna var konsert med gruppene Stavn og ResQ. Det var ein del ungdomar som dansa då også, slik vi ser på reportasjen. Ikkje heile salen kanskje, men veldig mange. Dette er altså ikkje eit nytt fenomen.

Uansett er det herleg å kunne danse av glede. Gud har då skapt oss med ein kropp som er perfekt til å danse med, og skapt musikk som det er perfekt å danse til. Takk og lov!

Eg tek med eit par låtar som handlar om dans. Den første heiter "Praise you with the dance", og handlar om å prise Gud, også med dans. Det står det jo om i Bibelen også (For eksempel Salme 149, 3, som det også vert referert til i videoen)



Og så ein Petra-låt, sidan eg er litt hekta på Petra for tida...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar