torsdag 18. august 2011

Og Herren Gud skapte mannen av mold...

Solsikker er utruleg vakre blomar. Eg hugsar endå dei enorme solsikkeåkrane i Austerrike, den gongen eg køyrde tog til Wien. Det er eit imponerande syn.


På altanen vår står det no ei potte med ei høg solsikke i. Vi har vatna den, gjødsla den og prøvd å stelle med den på beste vis. Vi vil den skal bli høg, så høg som mogeleg. Den er kanskje ikkje så imponerande å sjå på endå, der den står utan blome og heilt einsam. Men vi gler oss til kronblada sprett ut, og den openberrar seg i all sin prakt!

Eg stod og såg på den her i stad, den litt tjukke og lange stilken, dei store blada og tenkte på blomen som ein dag kjem til å sprette fram. Då slo det meg: Denne blomen har vakse opp av molda her, den er sett saman av atom og molekyl frå den jorda vi ein gong før sommaren putta frøet i. Vi har vatna og gjødsla litt, men elles har det heile skjedd av seg sjølv. Tilsynelatande.

Med litt kjennskap til fysikk og bl.a. Newton sine lover, veit eg at det er svært lite i naturen som skjer "av seg sjølv". Alt har ein årsak. Energien kjem frå noko, og vert overført til nye former. Atoma er konstante, men inngår i stadig nye molekyl, og dannar stadig nye organ og organismar. Skal noko flytte på seg, treng det ei kraft for å akselerere og bremse opp. Ein må dytte eller trekke. Utan at eit eller anna set aktiviteten i gang, skjer det ingenting (Og det er jo her teorien om Big Bang mistar fotfestet). Så altså, solsikka på altanen, som no er høg og fin, har ikkje vakse fram av seg sjølv. Der er ei kraft bak. Det er ei spireevne lagt ned i frøet, ei kraft som får det heile til å vekse og utvikle seg.


Eg trur denne krafta er lagt der av Gud sjølv, Gud som skapte verda og sette alt i system og la ned lover og reglar for alt som skjer i naturen. Gud skaper ting av molda i dag også, i det han lar blomar og tre vekse fram, dyr vekse og utvikle seg på grunn av næringa frå plantane, og menneske som også lever av det som veks på marka. Gud skapte dei første menneska av molda på marka, og sanneleg er det vel ikkje det som skjer den dag i dag. Av molda kjem vi, for vi et det som veks opp av marka og som Gud formar av atoma i bakken.

Og etter at livskrafta går ut av mennesket, ligg berre "skalet att". Kroppen, som i kanskje 70-80-90 år har husa eit levande og jordlaga menneske, ligg tomt tilbake. Kva er det som manglar? Jo, det er sjølve "livspusten", den som Gud pusta inn i dei første menneska, og som han pustar inn i kvart einaste nylaga menneske også i vår tid. Når eit menneske dør, trekk Gud denne livspusten tilbake, og kroppen går tilbake til jorda. Den løyser seg opp og vert til mold att.

Og etter det, etter at eg dør? Er alt over? Langt i frå! Det har berre så vidt begynt. Den udøyelege sjela mi går til Gud. Frelst av Jesu blod, inn i Himmelen, og vert ikledd ein ny og udøyeleg lekam. Der held det verkelege livet fram, det som begynte då Gud frelste meg og tilga meg all mi skuld.

Alt ein kan tenkje på ved å sjå på ei solsikke...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar