søndag 7. august 2011

USA - frå utsida

Det er nok veldig enkelt å sitje på utsida og synse, særleg sidan eg heller ikkje har noko økonomisk utdanning eller sit med alle fakta i saka. Likevel er det veldig fristande, for eg har vore ganske irritert på den amerikanske kongressen den siste tida.

USA har nådd gjeldstaket sitt, og statskassa var botnskrapt. I ellevte time klarte dei å bli einige om eit tiltak, og unngjekk på den måten ei større økonomisk krise. Tiltaket førte vidare til at kredittverdet til USA vart nedgradert frå AAA til AA+ (Aftenposten-artikkel). Dei ligg fortsatt høgt oppe altså, men politikarane har nok fått seg ein tankevekkar. Håpar eg. For det var rimeleg sørgjeleg å følgje med i prosessen fram mot tiltaket.

Når ein sit med ei gjeld som er like stor som BNP, over 14 000 milliardar (NRK-artikkel), så burde ein kanskje tenkje på korleis ein kunne klare å REDUSERE denne gjelda. Den gong ei. Gjeldstaket vart heva, og kongressen beslutta å setje i verk kutt som på sikt skal stagge gjeldsauka. På sikt altså. Foreløpig vil gjelda auke, utan at ein tenkjer på korleis ein skal auke inntektene.

For det er det som er den store Bøygen, i alle fall for republikanarane. Ein må for all del ikkje auke skattar og avgifter! Det verkar som det er det verste som kunne skje. USA er kanskje det landet i verda med mest utprega markedsliberalisme (OBS! Dette er ikkje ein faktasetning, berre ei subjektiv vurdering frå mi side). The American Dream, den såkalla self-made man, skal få ha pengane sine i fred. I størst mogleg grad.

Samtidig er den sosiale nauda stor. Mange er fattige, og helsevesen og skule er dyrt. For dei med pengar er nok systemet bra, men for dei fattige er det ikkje akkurat ein draumestat.

Det virkar rimeleg logisk for meg, som bur i ein godt fungerande velferdsstat, å hevde at den einaste vegen å gå er å auke skattane og på den måten auke inntektene til staten. Og sjølvsagt målrette auken, slik at det er dei med pengar som må betale meir. Slik vil det vel sannynlegvis ikkje bli, all den tid republikanarane sit med fleirtal i kongressen. Dei er meir villige til å setje verdsøkonomien i ein krisesituasjon, og redusere kredittverdet til USA, enn å krevje at borgarane skal betale meir. For meg verkar dette merkeleg. Veldig merkelig, faktisk. Skulle ikkje tru dei var vaksne ansvarlege personar, med evne til å sjå utover si eiga lommebok.

Som sagt, det er enkelt å synse.

Og kven får skulda for elendet?


Say no more.

Bortsett frå at eg håpar, inderleg, at demokratane vinn ein braksiger neste år, slik at USA kan begynne på gjenoppbygginga av sin eigen økonomi.

Red 9/8:
No begynner vi så smått å sjå dei første verknadane av nedgraderinga: Vårt Land artikkel: Panikken brer seg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar