lørdag 6. august 2011

Sigerherren

Når ein går inn i ein kamp, er som regel resultatet ope. Kanskje kan motstandarane ha ulike odds, men ein kan likevel ikkje vite for sikkert kven av dei to som vil vinne. For eksempel er det ikkje alltid det fotballaget med høgast ranking som vinn.

Likevel finst det også kampar der resultatet er gitt på førehand. Der ein kan vite kven som vinn og kven som taper. Eg lever mitt i ein slik kamp, og eg veit resultatet allereie. I teikneseriar, for eksempel i Donald Duck, vert denne kampen ofte framstilt ved to små figurar som kviskrar han i kvar sitt øyre. Ein engel som prøver å få han til å gjere det gode, og ein djevel som lokkar han til å gjere det han veit er gale. Det er jo ei svært enkel framstilling, men den funkar. Vi forstår kva teiknaren vil ha fram.


I meg er det ein liknande drakamp. Det er ei overforenkling å seie at eg har ei god og ei dårleg side som kjempar mot kvarandre. Som menneske er vi samansette og kompliserte. Av og til er det vanskeleg å seie kva som er godt og kva som er dårleg i oss, og som regel er det ei blanding. Men viss vi likevel forenklar, kan vi seie at den gode sida av meg prøver å gjere det gode, medan den dårlege vil lokke meg til å gjere det som er gale. Nett som hos Donald.

Denne kampen føles av og til håplaus, sidan den onde sida av meg ikkje kan avgrensast og definerast eintydig. Den er ein integrert del av meg, som eg dessverre må leve med heile livet. Det gode ved sidan av det onde, og det er ikkje alltid lett å avgjere kva som er spegelbilde og kva som er original.


Faktisk er det litt slik som dette:



Likevel veit eg at det faktisk ikkje er håplaust. Tvert imot, det er fullt av håp! Håpet mitt for mitt delte "eg" kan oppsummerast i desse vidunderlege setningane frå Bibelen:

"Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen. Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen. " (Kol 2, 14-15)

Kampen er allereie vunnen, for lenge sidan, og av ein annan enn meg sjølv. Jesus har betalt skuldbrevet med sitt eige blod, nagla det til korset og lot det henge der, medan han sjølv sigra over døden. Difor kan eg seie at eg allereie no veit utfallet av kampen i meg: Eg er i Kristus, og han er sigerherren over alt det vonde, også det vonde i meg! Dermed vil ikkje det vonde kunne knuse meg, for Jesus har allereie knust det og vil fri meg frå det på den store oppstodedagen.

Er dette ein dyster bodskap? Er dette mørkemannsprat? Nei, eg skulle ikkje tru det. Det er gode nyhende til alle som strevar med det vonde i seg, og ynskjer utfriing. Det finst eit håp, det finst ein veg til fridom. Det finst ein veg til det gode livet!

Fylg Sigerherren, Jesus Kristus, og han vil sigre over det vonde i deg. Resultatet er gitt på førehand.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar