torsdag 11. august 2011

Makta i det å ikkje hemne seg

"Det er menneskeleg å feile, og guddommeleg å tilgje," heiter det i ordtaket. Det å tilgje og unngå hemn, er kanskje ikkje den mest naturlege tanken for oss menneske. Når det blir gjort urett mot oss, vil vi gjerne at rettferda skal råde og det vonde bli hemna. Like fullt er dette ein farleg veg å gå, og med fornufta vår veit vi det. Dei fleste kan tenke seg til korleis det blir i eit samfunn der vald og hemn får styre, og auge må bøte for auge, heilt til ingen lenger kan sjå.

Men så er det det å ikkje la kjenslene ta overhand, og dra ein med seg ut på noko ein i etterpåklokskapens namn ikkje burde gjort.

Eit godt eksempel for oss alle, er den britiske pappaen Tariq Jahan, som mista sonen sin tidlegare i veka. Sonen vart køyrt ned av mobben i Birmingham, som var ute for å plyndre og øydeleggje. (VL-artikkel: Fant sønnen død på gata) Jahan sa dette i etterkant av tragedia: "'Eg mista sonen min. Rekk opp handa viss du ynskjer å miste dine søner. Viss ikkje, ro deg ned og gå heim." (VL-artikkel: Kostebrigaden rykker inn) For ein styrke hos ein far i sorg! Det er umogleg å vite korleis ein sjølv ville reagert i ein liknande situasjon, men denne faren viser oss i alle fall makta i det å ikkje hemne seg. Så utruleg mykje større styrke han viser, enn dei hundrevis av kriminelle bråkmakarar som har herja rundt i gatene i England den siste veka. Dei plyndrar butikkkar, og er ute etter å øydeleggje mest mogleg. Feige handlingar, som ikkje vil hjelpe dei og deira situasjon det spor. Feige handlingar, som rammar heilt andre enn dei dei er sinte på.

I staden bør vi sjå på alle dei frivillige, som i desse dagar tek opp kostane og skal rydde opp. Alle dei som no sit tilbake med øydelagte butikkar og boligar, utan at dei har gjort noko som helst for å fortene mobben sitt raseri. Og Tariq Jahan, som viser ein betre veg enn hat og vald.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar