torsdag 11. august 2011

Innvandring = islamisering?

Direktør for Holocaust-senteret, Odd-Bjørn Fure, har hamna på ei liste over personar som er "for innvandring og islamisering" (VL-artikkel) For det første er det eit eller anna som skurrar veldig i hovudet mitt, når eg høyrer om slike lister over politiske motstandarar. Det får fram assosiasjonar til statar og regimer eg helst vil sleppe å ha noko med å gjere. For det andre, bemerkar Fure sjølv, er det misvisande å setje han på denne lista, sidan han slett ikkje er for islamisering.

Og det er nettopp denne linken mellom innvandring og islamisering eg reagerar aller mest på. Er det gitt at alle som er for innvandring, også er for islamisering av det norske samfunnet? Sjølv er eg i kategori med folk som er for at vi skal ta imot menneske som er i naud og gje dei ein trygg plass og bu, samstundes som eg slett ikkje ynskjer noko islamisering av landet vårt. Muslimar som kjem, skal for all del få lov til å praktisere sin religion, ha sine gudshus og treffast i fellesskap, utan at det automatisk fører til noko islamisering av samfunnet. Religionsfridomen skal gjelde også i Noreg. Det er i alle fall hyklerisk å kritisere andre statar for å ikkje ha religionsfridom, viss ein samstundes ynskjer å undertrykke muslimars rett til religionsutøving.

Eg trur dessutan, ganske bestemt, at svært mange av dei muslimane som kjem hit til landet heller ikkje ynskjer noko islamisering. Dei ynskjer fridom, ja. Dei ynskjer å kunne utøve religionen sin, ja. Men er det same som at dei ynskjer ein muslimsk stat? Har ikkje mange av dei nettopp flykta FRÅ ein muslimsk stat som undertrykkjer dei? Eg tvilar i alle fall sterkt på at mine vener frå Somalia ynskjer liknande forhold i Noreg. Då er jo heile poenget med å flykte borte vekk!


Mange islamske verdiar passar ikkje inn i det norske samfunnet, og eg trur heller ikkje at dei vil få innpass. Men muslimar bør få innpass, og dei må respekterast som likeverdige menneske på ein klode der vi har ansvar for kvarandre sitt ve og vel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar