torsdag 4. august 2011

Debatt er sunt!

I gårdagens utgåve av avisa Dagen, og i dagens Vårt Land (artikkel) kan vi lese at Einar Gjerde, som er nestleiar i NLM Region Sør, åtvarar mot å la Lars Gule sleppe til med sine synspunkt under årets UL. Fredag ettermiddag er det duka til debatt mellom apologeten Stefan Gustavsson og Lars Gule frå Human-etisk Forbund.

Gjerde argumentere med at dei unge kan få tankar som til sist kan leie dei vekk frå trua. Her meiner eg han skyt langt utanfor mål. Dagens ungdom møter dei fleste tankar, meiningar og synspunkt gjennom media, vener og på andre måtar, så når Lars Gule legg fram eit annleis syn enn det som vert forkynt på UL, vil ikkje det vere noko unikt for dei unge.

Eg meiner tvert om dette er eit svært bra initiativ. Å lytte til gode debattar er interessant, og det å lufte ulike synspunkt er både lærerikt og fornuftig. Settingen er trygg og god, og Lars Gule møter ein svært dyktig debattant i Gustavsson. Dei unge får høyre to ulike framstillingar av synet på mennesket og menneskelivet, og kan plukke med seg argument tilbake til sine klasserom, skulegardar og andre arenaer der det å ha god ballast og ein klar tanke kan komme godt med. For eg trur ikkje denne debatten er ny for dei fleste av ungdommane. Dei har kanskje måtte svare for trua si tidlegare, og det er ikkje så lett i ein periode av livet der mykje er usikkert, identiteten ikkje er heilt på plass og ein kanskje ikkje heilt veit kvifor ein trur det ein trur.

Då kan det vere greit å få med seg denne debatten, og høyre korleis ein apologet imøtegår dei ateistiske argumenta. Og eg er sikker på at dei kristne ungdomane ikkje kjem ut av debattlokalet med svakare tru, snarare tvert imot. Dei ateistiske argumenta er nemleg mykje svakare enn det verdsbildet bibelen teiknar, og i tillegg er dei ganske så usannsynlege. For eksempel tykkjer eg det er mykje vanskelegare å tru på at jorda har blitt til av seg sjølv, enn at ein Gud står bak og har skapt det heile. Kompleksiteten, samspelet og det estetiske i verda talar saman, ja ropar saman: Gud finst!

Også vi som ikkje er så heldige å få vere på UL, kan få med oss denne debatten. Den vert nemleg sendt live på norea sine sider fredag ettermiddag klokka fem. Her er linken: live.norea.no

Tema for årets UL er "Sanning". Så får vi håpe at det er sanninga som kjem fram fredag ettermiddag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar