lørdag 13. august 2011

Relativismens mjuke lenestol

Kor mykje enklare alt hadde vore viss alt verkeleg var relativt! Viss det var opp til meg sjølv å avgjere kva som er rett og kva som er feil - for meg. Det hadde vore ein mykje enklare kvardag, fordi eg slapp å tenkje på andre meiningar enn mine eigne. Eg slapp å ta omsyn til kva andre meinte om eitt og hitt, for det dei meinar, får dei berre meine. Eg meinar det eg meinar, trur det eg sjølv vel å tru og slik får alle det som dei vil. Eller som dei seier det på Reverendfun:

Sjølvkonstruert tru, sjølvkonstruert liv. Ein mjuk lenestol å sitje i og sjå på verda. Alle ville hatt det heilt topp på kvar sin vesle flekk av jorda.

Eller? Kva då når mine interesser plutseleg kryssar andre sine interesser? Kva når mine meiningar gjer at andre føler seg trakka på og sett ned på? Kva når mine handlingar trakkar på andre sitt menneskeverd, trakkar på andre sine verdiar, trakkar på det andre meinar er bra?

Og kva viss det eg trur, fører til at verda blir ein mykje verre plass for andre. Og kva med lover, reglar og normer? Kan ein i det heile ha slikt viss alle fulgte sine eigne tankar?

Eg trur på det motsette av relativisme. Eg trur det finst EI allmenn sanning. Eg trur det som står i Joh 14, 6, det Jesus seier om seg sjølv: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg." Eg trur på ein allmektig Gud, som er over alt og alle. I mi kristustru er det ikkje plass til relativisme. Berre EI sanning; Jesus.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar