tirsdag 2. august 2011

Ekte kristenfundamentalist

Den amerikanske terrorforskaren Mark Juergensmeyer kallar Anders Behring Breivik for ein "kristen terrorist". Han samanliknar med Osama Bin Laden, som mange ser på som ein muslimsk terrorist. Likt for dei begge er dei meir interesserte i religionshistorie enn utøving av religionen eller dogmer i religionen. Altså: Viss Bin Laden er muslimsk terrorist, er Breivik ein kristen terrorist. (NRK-artikkel) Resonnementet er greit nok, og eg forstår at dei to personane kan samanliknast.

Det som bekymrar meg etter ei slik analyse, er at mange ser på Bin Laden som representativ for islam. Det er lett å skjere alle over ein kam, og seie: Slik er muslimar. Alle oss som kjenner menneske som er muslimar, og som har lest vår del av bøker og aviskommentarar om islam og terrorisme, veit at slik er det ikkje. Dei aller fleste muslimar er fredelege menneske.

På same måten er dei fleste kristne fredelege menneske. Og det å begå så grusomme handlingar som dei Breivik gjorde, harmonerar ikkje med kristendomen i det heile. Eit menneske som elskar Gud, elskar også skaparverket hans (fordi Gud har skapt det). Og ein kristen vil også forsøke å elske sine medmenneske. Hat og vald har ingen plass i ekte kristendom. Altså stiller Breivik seg utanfor den universelle kristne kyrkja.

I dagens utgåve av Dagen skriv Stig Magne Heitmann ein kommentar der han blant anna tek opp denne problemstillinga. Her skriv han om ein ekte "kristenfundamentalist", nemleg biskop Festo Kivengere frå Uganda. Kivengere måtte flykte frå regimet til Idi Amin, då han vart truga på livet. Likevel har han skrive ei bok som han kalla "I love Idi Amin". Han elska Idi Amin, fordi Gud elskar han. Samtidig seier han at han hatar dei gjerningane han gjer. Eit forbilde for korleis vi kristne skal møte menneske som gjer oss vondt.

Ein gong vart Kivengere spurt: "Viss du sat i same rom som Idi Amin og nokon gav deg eit gevær, kva ville du då gjere?" Då svara han: "Då ville eg gitt det til Amin og sagt: Dette er ikkje mitt våpen, det er ditt. Mitt våpen er kjærleik!" Så godt svart! Som kristne er vi kalla til kjærleik og nåde, ikkje til våpen og hat.

"Lat kjærleiken vere ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode! Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve!" (Rom 12, 9-10)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar