mandag 8. august 2011

Kryss av for dine syv drømmer

Dette var utfordringa eg las utanfor ein kiosk på Sand i dag, og her er lottokupongen med sju av mine draumar:

Eg drøymer om ei lukkeleg framtid for borna mine. At dei skal kunne vekse opp i eit trygt samfunn, få sjølvtillit og eit godt sjølvbilde. At dei skal bli ansvarlege vaksne som er til å stole på. At dei skal bli moralske og integrerte menneske, med empati og omsorg for sine medmenneske, og ha samfunnsengasjement. Eg drøymer om at dei skal få bli kjent med Jesus, og kunne søkje tilflukt hos han i både gode og vonde dagar.

Eg drøymer om at eg skal kunne vere ein god ektemann for kona mi, at ho skal oppleve seg elska og verdsett. At eg skal kunne vere til å stole på, og ta ansvar for alle mine handlingar og ord. Eg drøymer om at vi ein dag kan sitje, gamle og grå, og sjå tilbake på eit godt liv saman.


Eg drøymer om at Gud skal kunne bruke meg i sitt arbeid, og at eg må vere villig til å vere der han vil ha meg. Eg drøymer om at andre menneske skal kunne få sjå noko av Guds nåde og kjærleik når dei møter meg, at mine handlingar og ord ikkje må stå i vegen for Gud.


Eg drøymer om at ALLE menneske i samfunnet vårt skal få det same menneskeverdet, at ingen vert sortert ut fordi dei er uønska eller har ein skavank. Eg drøymer om at Noreg må vakne, og beskytte også dei svakaste av oss, barna i mors liv.


Eg drøymer om at kyrkja skal vere tydeleg og klar. At den skal vere fundamentert på Guds ord og handle i samsvar med Bibelen. At det skal bli litt mindre "bla, bla" og litt meir Jesusfokus. Eg drøymer om at vi som kristne skal stå for ein tilgjevingskultur, nådekultur og kjærleikskultur som er med på å trekkje folk til Jesus.

Eg drøymer om at eg skal gjere ein god jobb på arbeidsplassen min. At elevane først og fremst får eit positivt forhold til seg sjølv og eigne evner, og dernest lærer mest mogleg ut frå eigne evner.



Eg drøymer om sol og badevér denne veka, slik at eg får skvist denne sommaren til sitt ytterpunkt...




Kjære Lotto: Du ser sikkert at eg ikkje drøymer om å bli rik. Difor er dette den einaste kupongen eg leverer inn. Beklagar. Men du hadde ein god plakat, som sette tankane, og draumane, i sving!

1 kommentar: