tirsdag 16. august 2011

Teiknsetjing og matematikk

Eg er av og til inne på ein blogg, kanskje om lag ein gong i veka (og det er ikkje så unaturleg, sidan den vert oppdatert ein gong i veka...) som heiter PostSecret. Her sender folk inn postkort med sine eigne personlege løyndomar på, og det er utruleg mange både djupe, overfladiske, triste, glade, morsomme og dumme løyndomar som vert sendt inn. Det er god mentalhygiene å lese desse postkorta, for ein kjem nært inn på andre menneske sine kjensler. Eg kjenner eg ofte blir glad av å lese (ja, ikkje alltid då, nokon kort er berre triste og vonde å lese), og ofte er det svært kreative måtar å fortelje om løyndomane på.

For nokre dagar sidan kom eg over dette kortet på bloggen si facebookside:

Kortet er skrive ved hjelp av ulike teikn, som utropsteikn, komma, punktum og så vidare. Det tok litt tid å knekke den, eg må innrømme det, for eg såg ikkje heilt mønsteret med det same. Dessutan er ikkje engelsk språk mi sterkaste side. Men når løyndomen først vart avslørt, sat eg og smilte for meg sjølv. Kortet er rett og slett genialt (Etter mi meining), og appellerar både til norsklæraren og matematikklæraren i meg.

Klarar du å løyse koden?

1 kommentar: