onsdag 3. august 2011

Kom


Bak høge fjell og djupe hav
Bak skyer og skog
Ein stad
langt, langt vekke
frå meg

Der var du
Eg veit det no

Eg kunne ikkje nå deg
Eg kunne ikkje sjå deg
Du var eit mysterium
Skjult

Men det var før
Før du strekte ut hendene,
såg på meg
og sa:
"Kom til meg,
du som strevar
Kom til meg
og få ro"

Men det var du som kom


2 kommentarer:

  1. Nydeleg!

    Ser du har mykje fint på bloggen din. Den vil eg gjerne fylgja framover!

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha! Og kjekt at du ynskjer å fylgje bloggen!

    SvarSlett