lørdag 20. august 2011

Om Guds nåde og det å tilgje

I dag har eg lyst å skrive noko om nåde og tilgjeving, men merkar at det er ein fare for at det kan bli litt rotete. Har nemleg litt mange ulike tankar og aspekt i hovudet nett no.

Grunnen til dette er to avisartiklar eg las i ettermiddag, i avisa Dagen sitt magasin "Velsignet helg". Først var det eit intervju med artisten Ole Paus. Overskrifta var "Bare tilgivelse kan drepe ondskapen". Så langt hang eg med, men eg datt litt av då han sa at vi som er kristne har ei stor oppgåve i å tilgje Anders Behring Breivik. Noko i meg reiste bust, samtidig som eg visste han hadde rett.

Grunnen til at eg reagerte med det same, er todelt. For det første er det generelt vanskeleg for oss menneske å tilgje. Ja, vi kan møte ein udåd med kjærleik og samhald, men tilgje den som gjorde ugjerninga? Mange vil nok seie at det er for vanskeleg, ja nesten umogeleg. Og mange vil nok seie at dei ikkje vil tilgje. Også hos meg var dette ein tidleg tanke.

For det andre forventar vi ofte ei unnskyldning, eit snev av anger, før vi vurderar å tilgje. Hadde Breivik sitte og grått og sagt at han aldri skulle ha gjort det han gjorde, hadde det vore hakket lettare å vurdere å tilgje.

Samtidig som det stritta i mot i meg, visste eg altså at det han sa var rett. Tilgjeving er den einaste måten å bekjempe ondskapen på. Det var med tilgjeving og nåde at Jesus vann over djevelen og alt det onde, då han døydde og stod opp att. Hans død og oppstode genererar nemleg ein uendeleg straum av nåde over oss menneske. Ei elv som aldri stoppar, men som skyl over oss kvar einaste dag. Og har vi spurt om dette? Var det vi som ba Jesus dø på korset? Var det vi som trygla om nåde? Nei, det var nok ikkje det. Visst var det vi menneske som spikra han opp på korset, men det var Gud som hadde regien. Det var Gud som bestemte seg for å dø for oss. Medan vi endå var syndarar! Han kom, ubedt, og gav oss så utruleg mykje meir enn vi nokon gong kunne funne på å be om.

Som kristne bør vi følgje Jesu eksempel. Bør? Nei, vi har eit oppdrag, eit heilagt kall: Å leve liv som ærar Jesus, og viser verda hans nåde og tilgjeving. Dermed skal vi også følgje hans programerklæring: Tilgje alle, uansett. Til og med om dei ikkje angrar eller ber om nåde. Tilgjevinga er for alle, og vi har som kristne fått den gratis. Vi har betalt null og niks for den. Difor skal vi også gje den vidare gratis.

Før eg starta skrive dette innlegget, leita eg litt på google for å finne nokre passande illustrasjonsbilder. Då kom eg blant anna over bildet til venstre. Jesus som løftar ein mann opp frå søla. Mannen verkar knust og utslått. Svak. Og Jesus held han fast i armane sine. Fast, og samtidig kjærleg. Han held han som om det er sin eigen son han løftar opp og støttar.

Dette er eit godt bilde på nåden, tenkte eg. Gud som løftar oss opp og held oss i armane sine.

Så såg eg litt nøyare på bildet, og fekk auge på det mannen held i hendene sine: ein hammar og ein nagl. Litt pussig, eigentleg. Ikkje hammaren og naglen, altså, for det symbolet er tydeleg: Denne mannen har vore med og spikra Jesus til krossen. Det som er pussig, er kleda. Dongeribukse og t-skjorte. Moderne klede. Men, tenkte eg, dei som krossfesta Jesus var då soldatar. Burde han ikkje ha uniform og meir tidsriktige klede?

Nei, han burde ikkje det. Han går med dei heilt korrekte kleda. Også vi som lever i dag var med og spikra Jesus fast til krossen. Det var våre synder og feilsteg som var årsaken til at Jesus døydde, så på ein måte kan eg seie at eg også har ein hammar og ein nagl i handa mi.

Jesus held den skuldige og svake mannen oppe. Trass i kva han har gjort. Jesus tilgir alltid trass i alt. Vi har ingenting å betale han tilbake med, vi kan berre ta i mot. Gratis.

Så er det vel slik vi også bør gjere? Ja.

Akkurat no kjennes det veldig vanskeleg å tilgje Breivik for det han gjorde, men eg veit at Ole Paus har rett. Vi må tilgje.

Morten Eikli sa i ein annan artikkel i den same avisa: "... Guds nåde er ikke noe lenger unna Anders Behring Breivik enn den er for deg og meg." Og eg veit det er sant. Elva av nåde som strøymer frå krossen, er stor nok til også å omfavne Breivik. Alt han må gjere er å ta imot.

I jakta på illustrasjonsfoto fann eg også bildet til høgre. Dokumentarfilmen om Julius Paltiel: "Tilgi - men aldri glemme".

Slik er det for oss menneske. Vi kan tilgje, men det er utruleg vanskeleg å gløyme. Og kanskje skal vi ikkje gløyme heller. For eksempel bør vi alltid hugse det som skjedde i Europa på 30- og 40-talet, og dei konsekvensane det fekk. Slik at det aldri skjer igjen. Kanskje skal vi på same måten måtte hugse det som skjedde i Oslo og på Utøya, slik at vi kan gjer alt som står i vår makt å forhindre at det skjer igjen.

Vi må tilgje. Same kor vanskeleg det er. Og så håpar eg, inderleg, at Breivik kan få innsikt i kva han eigentleg har gjort, begynne å angre og be om tilgjeving. Også han treng Guds nåde, og eg håpar han kan ta i mot denne. Same kva eit menneske har gjort, er Guds nåde stor nok.

I mellomtida må vi andre prøve så godt vi kan å tilgje, slik at vi ikkje lar ondskapen få overtaket i oss. Slik at vi ikkje vert øydelagte av bitre og vonde tankar. (For akkurat dette temaet vil eg gjerne anbefale denne bloggposten: Kraften i tilgivelsen, skrive av Victoria Vik)

Og så er eg så uendeleg uendeleg glad for at Gud ikkje er som oss; Han tilgir og ... GLØYMER!

4 kommentarer:

  1. Dette er viktige innspill, vanskelige tanker, vanskelig fordi det ikke følger den menneskelige logikk - om fortjeneste.

    SvarSlett
  2. I wish Google translated the right dialect....I had to read your entry twice before I realized the word they had translated to avail was actually forgive! Ack. It does make so much more sense now.

    Our God is so great, He demands so much of our hearts. I watched and cried through the movie Pearl Harbor today. I got to thinking about some of the same things you talked about. In the eyes of God, the men flying the Japanese aircraft are no different then the men who died under attack. But I want to be so angry. Flash forward to 9/11 and I experience the anger and vengeful spirit firsthand. I am rather ashamed (looking back) to say that I was happy when binLadin was killed a couple months ago. I like the quote about Breivik, about how God's grace is no farther from them then it is from us. Just the other day I talked to a friend about how God sees sin on the same scale. Hating someone is the same as murder in God's eyes. If I truly believed that, how could I celebrate the death of a sinner? I have been forgiven for my sins, why should my heart not break for the ones who don't accept the same forgiveness? I was really convicted of that this morning. I am really writing a lot, I am sorry. But watching that movie today really made me think about forgiveness.

    SvarSlett
  3. Eg trur og Guds nåde gjeld alle, og at den strøymer over oss kvar dag. men samtidig er det ein forutsetting at vi vil ha den. å ta i mot Guds nåde er jo nettopp å innrømme at ein har skyld, og innrømme at ein trenge Jesus og hans tilgivelse. Viss Breivik ikkje ser dette og ber om Guds nåde, må han ein dag stå til rette for alt han har gjort foran Gud.

    Gud er kjærlighet og nettopp derfor kan han ikkje sjå gjennom fingrane på det gale vi gjer. Han elskar jo alle ungdommane som døde på Utøya, og kan ikkje berre sjå gjennom fingrane med det som blei gjort. Enten må Jesus ta straffa for Breivik, eller så må B gjere det sjølv..

    Trur du Gud tilgir B, uten at han ber om det? merkar eg ikkje skjønnar heilt dette...

    SvarSlett
  4. Marit: Ja, dette er verkeleg ulogisk for oss menneske. Det er vel kun mogleg ved Guds hjelp!

    Kayleigh: Thanks for your reply! It's ok to write a lot on my blog, I do that myself... I think it's very important what you write about bin Laden. Why should we be happy for his death? I'm mourning for the lifes he stole, and I'm mourning for him dying without Gods grace. I really really HATE weapons and all the evil that can be done with them. But I'm trying not to hate the people that uses them. God loves everybody, and so should we. But it's hard, and we are in need of Gods grace and faithful help. Forgiveness is hard, but necessary for our mental healthness and true life in God.

    Eva: Ja, eg trur Gud tilgir utan at vi ber om det. Var det ikkje det som skjedde på Golgata? Jesus døyr for våre synder, spikrar dei til krossen og lar dei vere der! Hadde det ikkje vore for denne ubetinga tilgjevinga, hadde eg og du aldri kunne bli kristne.

    Og så nei, Gud ser ikkje gjennom fingrane med synd. Breivik må TA IMOT tilgjevinga, det er riktig. Viss ikkje må han som du seier betale prisen sjølv. Og det er nettopp derfor eg er med i KRIK og de er misjonærar: Guds tilgjeving gjeld for alle. Alle er tilgitt, alle synder er viska ut. Då er det så trist og utruleg unødvendig at menneske går rundt utan å ta imot tilgjevinga. Det er som ha fått eit flunkande nytt stereoanlegg. Det står der i flott innpakkingspapir og klar til opnast på mitt eige stovegolv. Men eg nektar å ta imot, nektar å tru at det er eit stereoanlegg der. Så eg går heller i butikken og kjøper eit for mine eigne pengar... Forstår du bildet? Stereoanlegget ER der jo allereie, i stova mi. Men eg må ta imot. Gud HAR allereie tilgitt oss. Nåden er gratis, vi er tilgitt utan å ha betalt eit øre for det. Og denne nåden er ikkje lenger unna Breivik enn den er deg og meg. Det er i botn og grunn ingen forskjell på B og oss. Vi er like langt unna Guds rike i oss sjølve, men nåden er like nær for han som for oss. Guds tilgjeving gjeld han like mykje som oss. Då Jesus døydde på krossen, trur eg han tenkte: Eg tilgir Anders Behring Breivik for morda han kjem til å utføre på Utøya. Og eg tilgir Ole Jørgen fordi han... Og så vidare.

    Så no ber eg om at Gud må opne hjeret til Breivik, så han får sjå at han treng Guds nåde, og tek imot!

    SvarSlett