mandag 15. august 2011

Einig med Willoch, for ein gongs skuld...

Det er ikkje så ofte eg er einig i Kåre Willoch sine politiske standpunkt og vurderingar, men no har det altså skjedd! Vårt Land tek opp problematikken rundt foreldrepengar ved fødsel, og påpeikar at dei som har dårleg råd får mykje mindre foreldrepengar enn dei som allereie er rike. (Artikkel: Fattige ledes til abort) Dette fører til at det er færre med dårleg råd som føder barn, dei ventar heller til dei har stabil og god inntekt. Dermed føder kvinner barn seinare (gjennomsnittet er, i følgje artikkelen, 30,3 år) Mange ynskjer å få born rett etter endt studiar, men finn ikkje råd til dette. Politikken strir altså mot biologien, sidan kvinner føder born så seint.

I andre rekke fører denne politikken til at talet på abortar er mykje større i denne gruppa enn blant kvinner elles. Ved graviditet vurderar ein om ein har råd, og har ein ikkje det, er det klart at ein føler at ein ikkje har noko særleg val. Denne ordninga er altså ikkje berre urettferdig, den er også livsfarlig for dei ufødte borna.

Artikkelen påpeikar det absurde i at ei yrkesaktiv kvinne kan få nesten 500 000 kroner utbetalt i løpet av permisjonsåret, medan ei nyutdanna kvinne utan arbeid får utbetalt 35 263 kroner i ein eingongsstønad. Det er så stor forskjell, at ein skulle ikkje tru det var mogleg! Også barnetrygdordninga favoriserar dei rike, sidan den er like stor for alle born, og ikkje er høgare enn 970 kroner. Dei rike klarar seg godt med dette, men dei som har låg inntekt kan umogleg få endane til å møtes med 1000 kroner i månaden.

Skal det bli rettferdig, treng vi ein revisjon av alle støtteordningane for fødande. Det skal ikkje vere slik at det er så utruleg stor ulikskap på kva støtte ein får frå staten. Utgangspunktet kan vere forskjellig, nokon er rike, nokon er fattige. Nokon har arbeid, andre har ikkje. Slik er det, det må vi berre sjå i augene. Men kvifor skal staten vere med og halde oppe denne ulikskapen? For ein gongs skuld er eg altså einig med Kåre Willoch, som meinar denne ulikskapen må utjamnast (Og her er det Willoch som er inne på min banehalvdel, ikkje omvendt. Det er litt merkeleg at det er ein på den politiske høgresida som ynskjer utjamning...)

Det er utruleg dumt at mange kvinner ser på abort som den einaste utvegen. Særleg når abort skulle vore aller aller siste utveg, og berre brukt i nødsfall. Det er noko heilt feil her.

6 kommentarer:

  1. Hmmm, eit ikkje heilt om eg føl tankerekka di her...

    Vel ein å ta høgare utdanning og dermed (stundom) meir løn, så må vel det og visa at på permisjonspengane..? Dess meir ein tener, dess meir permisjonspengar får ein naturleg nok. Korleis skulle dette systemet elles fungera? Dersom ein endrar dette systemet, vil vel det ta motivasjonen i frå mange høgt utdanna kvinner til å stifte familie?
    "Alle" i Noreg har i utgangspunktet moglegheit til å velga utdanning, eg kan ikkje heilt sjå kvifor ein skal ta i frå dei med "gode jobbar" dette.

    Kjekk blogg :)

    Asbjørn

    SvarSlett
  2. Takk for det!

    Nei, eg meinar ikkje at ein skal ta permisjonspengar frå dei som tener godt. Eg er einig i at det vil ta vekk ein del, om ikkje all, motivasjon. Det eg syns er negativt, er den latterleg låge utbetalinga til dei som ikkje har vore i jobb før fødsel. Kva er vel 35 000 kroner? Og viss ein då i tillegg er for eksempel aleinemor, eller saman med ein mann som heller ikkje tener mykje, vert det jo heilt umogleg å overleve på dei pengane ein får! Og dermed vert abortstatistikken for denne gruppa høg, og det er vi nok einige om er negativt, skulle eg tru.

    Eg er klar over at ei auke av fødselspengar og barnetrygd vil vere ei enorm utgift for staten. Spørsmålet blir då om prioritering, og eg skulle ynskje dei kunne prioritert dette høgare!

    SvarSlett
  3. Det er ikke så rart at det er høyresiden som ønsker en utjevning.

    For venstresiden er likestilling langt viktigere enn sosial utjevning, og likestilling for venstresiden betyr at alle småbarnsmødre skal være i jobb.

    SvarSlett
  4. Ja, og det er jo også eit problem. Detaljstyring av folk sine liv er jo den andre grøfta, altså motsett av at folk får styre ALT sjølv. Det er vel helst grøft nummer to at høgresida ofte nærmar seg. (Men no har eg kanskje lese litt for mykje om republikanarane i USA, som verkeleg er ute til høgre. Høgre i Noreg er vel ganske langt til venstre i USA...)

    Så kanskje er det Høgre som faktisk er for utjamning? Eg veit ikkje. Uansett er det fornuftig i denne saka, både for å gjere det lettare for kvinner å føde tidleg, og for å redusere dei altfor altfor høge aborttala.

    For øvrig, og då er eg tilbake til grøftene, så meinar eg at ein plass midt i mellom er det beste. At staten er med og hindrar urettferdige forhold i samfunnet, samstundes som det vert lagt opp til ein viss valfridom for innbyggjarane. For eksempel om ein vil vere heimeverande eller i jobb. Det er sikkert ikkje så vanskeleg å vite kor eg er politisk, då...

    SvarSlett
  5. Eg trur at de gløymer ein viktig faktor her: ønskje om ein komfortabelt høg levestandard heile livet.

    Det er fullt mogleg å få born i dagens Noreg både som 20 og 30 åring. Men dei fleste av oss ønskjer innerst inne at familieauke ikkje skal gå ut over levestandaren vår.

    Berre sjå på vår generasjon sine "grunnkrav" til levestandard, kontra foreldregenerasjonen vår...

    SvarSlett
  6. Viktig påminning, men eg har ikkje gløymt den! Det er heilt klart ei utfordring. Viss ein vel å aborter barnet fordi ein vil kunne reise til Syden ein gong om året og ha ein ekstra bil, då er det noko som er veldig feil.

    Eg trur berre at det ikkje er det største problemet. Viss du er nyutdanna og vert gravid, og får utbetalt 35 000 kroner i tillegg til 1000 kroner i barnetrygd kvar månad, kor skal du då busetje deg? Kor i Noreg kan du leige ein hybel, betale straum, mat og klede for den summen? Ja, mange stiller høge krav til levestandard, men også utan dette kravet vil ein møte problem. Ganske enkelt fordi utgiftsnivået er høgt. I utgangspunktet er det heilt greit. For meg og deg som har stabile jobbar, er ikkje dette ei utfordring. Eg har ikkje nokon særleg høge krav, trur eg sjølv. Eg drøymer verken om båt eller hytte eller sydentur eller bil nummer to. Vi har valgt å leige kommunal leilighet i staden for å kjøpe hus, slik at vi kunne ha råd til å vere heime med borna til dei var to år, og leve på ei lærarlønn denne tida. Og det har gått bra, men jammen har vi trengt meir enn 47 000 kroner i året!

    Det heile vert eit spørsmål om prioritering, og eg meiner fortsatt staten burde setje i verk alle verkemiddel for å få ned aborttala. Det er min viktigaste agenda. Eg får makk i magen av å tenkje på alle dei ufødte borna i landet vårt, og vite at NOKO kunne ein ha gjort for å i alle fall redde nokon!

    SvarSlett